
God Jul og Godt Nyttår!
Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!
Fra | Til | Tittel |
---|---|---|
Fra 23.10.2024 18:00 | Til 02.04.2025 21:00 | Tittel SKISPRELL KALENDAR 2025 |
Fra 26.05.2025 18:00 | Til 26.05.2025 21:00 | Tittel Skikrinstinget 2025 |
Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!
Måndag 26. desember 2022 arrangerte Førde Langrenn det tradisjonsrike Ribberennet v/ Langeland Skisenter. Resultatliste kan ein lese her.
SSF Cup nr. 1 som var terminfesta i Hodlekve blir flytta til Ullsheim laurdag 17. desember. Markane IL inviterar til førjulsrennet 2022. Resultat og oppdatert SSF Cup samanlagt.
Torje Seljeset, Hornindal IL, med 8. og 9. plass i Continental Cup i Finland.
Søndag 11. desember er det terminfesta sesongopning langrenn og Bjønnastarten 2022. Grunna lite snø blir rennet avlyst i år.
Norges Skiforbund med kretser og klubber inviterer til skisprell-aktivitet i hele Ski-Norge med kick off uke 7.–15. januar. Vi tilrettelegger for enda mer skiglede ved å skape gode rammer og inspirerende og sosial aktivitet.
Terminlista 2022/2023 for Sogn og Fjordane Skikrins alpint er klar som pdf-format. Elektronisk terminliste blir oppdatert fortløpande.
Telenor Karusellen arrangeres for 17. gang i vinter, og påmelding for klubber/arrangører er fortsatt åpen. Nå kan dere se karusellens nye video foran årets sesong!
Det er klart for sesongopning langrenn på Beitostølen. Fem løparar frå Skikrinsen skal gå. Renna kan du sjå direkte på NRK eller på NRK nett-tv.
Treng skigruppa di inspirasjon til barmarkstreningane i haust? Skiforbundet lagar ei serie framover med "ukas økt" der det blir publisert ei ny økt kvar veke. "Ukas økt" veke 46
Laurdag 5. november vart Haustmøta til Skikrinsen gjennomført ved Idrettens Møteplass på Sandane.
I forbindelse med Haustmøte til Skikrinsen, vart langrennskomiteen overraska med ei gåve på kr. 50 000,-. Gåva er gitt for vidare utvikling av langrennssporten i Skikrinsen.
Laurdag 29. oktober vart det hoppa om kongepokal i Midtstuen. Anders Fannemel, Hornindal IL, vart nr. 7, og Johannes Årdal, Jølster IL, vart nr. 18.
Nå åpner søknadsskjemaet for strømstøtteordningen for frivillig sektor for perioden juli-september.
I desse dagar er Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, på veg heim frå ein månads langt treningsopphald i Chile. Her har han trent og køyrt konkurransar i unike fasilitetar for å bli best mogleg til vinteren.
13.-16. oktober hadde Skikrinsen alpintsamling på Juvassbreen. Det vart 4 flotte dagar på ski med sol, snø, vind, og skodde.
Olympiatoppen Vest invirerar alle trenarar og foreldre/ føresette til fordrag; trenar-, forelder-, og utøvarrelasjon, ved Thon Hotell Jølster, 1. november 2022.
Tysdag 18. oktober kl. 16.00 kjem representant frå Fischer Ski til Intersport Førde. Her kan ein møte opp og få mange gode tips til kjøp og prepping av langrennsski før sesongen.
I samband med Enivest Skiskule med Gjøran Tefre, inviterar Førde IL og Gaular IL til Enivest rulleskirenn v/ Langeland Skisenter søndag 9. oktober 2022. Resultatlister kan ein lese her.
Tidlegare landslagsløpar Marthe Kristoffersen held foredrag i samband med Enivest Skiskule, søndag 9. oktober ved Scandic Hotell Sunnfjord. Foredraget er for alle.
Gjøran Tefre og Førde IL Langrenn, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, ønskjer 24 unge utøvarar velkomne til Enivest Skiskule i Førde 7.-9. oktober. Skiskulen er for utøvarar født mellom 2007-2011.
Vestland fylkeskommune har etablert ei søknadsbasert driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Tilskotet skal stimulere til hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon.
Bestill skiklubbutviklar, Melanie Hetkamp-Andersen, til klubben din. Ho kan bidra med råd og vegledning i breidde- og rekrutteringsarbeid. Ta kontakt, Melanie kjem gjerne på besøk!
Laurdag 24. september inviterer Skikrinsen til barmarkstrening for alle på Syril Stadion, Leikanger.
Det vart ei flott barmarksamling i Førde. Skikrinsen hadde fleire utøvarar som deltok på stafettlaget til Olaf Betten i stafett for livet Dei fekk ei god treningsøkt samtidig som dei støtta ein god sak. Til saman samla Skikrinsen inn 2000kr i samband med Stafett for Livet Førde!
Det er tid for FIS liste inn- og utmelding for komande sesong. Alle utøvarar som skal gå FIS-renn, Norges Cup og NM skal stå på lista. Alle som ikkje skal stå på lista må melde seg ut. Ta utgangspunkt i vedlagt liste, frist for inn/ut melding 28 september.
Anders Fannemel vann i Normalbakken, og vart nummer 2 i Stor bakke. Frå krinsen deltok Fannemel og Johannes Årdal.
Laurdag 17. september 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Miljøsamling for born og ungdom f. 2007-2012. For aldersgruppe 2010 og eldre vert det invitert til rulleskirenn kl. 15.15.
Sogn og Fjordane Skikrins invitera til Fjord1 samlingar på snø på Juvassbreen 30.-september til 2. oktober, og 13. oktober til 16. oktober. Informasjon og påmelding.
Torje Seljeset, Markane IL, nr. 7 på 10km kombinert, og Gjøran Tefre, Førde IL, nr. 9 på jaktstarten. Sjå alle resultata frå toppidrettsveka her.
Sogn og Fjordane Skikrins, i samarbeid med dyktige skiklubbar, arrangerer barmarksamlingar for alle i aldersgruppa 11-15 år. Her ligg ein oversikt over barmarksamlingar med innbyding og påmelding.
Det skal være trygt og enkelt å varsle i norsk idrett.
2.-4. september inviterer Markane IL, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, til langrennssamling for jenter og gutar f. 2007-2011 på Ullsheim.
Leikar du med tanken om å byrje på Toppidrettsgymnas? Her finn du informasjon om rekrutteringssamlingar.
Gjøran Tefre, Førde IL, imponerte i Sandnes med 3. plass i sprint og 4. plass på 15km, og var beste norske begge dagar! Les alt om Blink 2022 her.
Samlingsplan for hausten 2022 er oppdatert med barmarksamlingar og skisamlingar. Rele Felde held fram som hovudtrenar i alpint og vil halde dei fleste treningane.
Skikrinsen ønskjer alle ein god sommar og minner om at krinskontoret er feriestengt i perioden 04.-29. juli.
Sogndal IL i samarbeid med NSF Freeski invitera til Freeski Jentecamp på Vesterland, Kaupanger, søndag 28. august. Dette blir ein dag med barmarkstrening, trampoline og leik. Campen er for jenter opp til 15 år. Program og påmelding.
Flotte dagar på trenarkurs! Det vart også i år avvikla trenarkurs langrenn på Sognefjellet/ Skjolden. 17.-19. juni var det trenar 2- og 19.-20. juni var det trenar 1-kurs.
Sogndal IL Alpin for besøk av Atle Skårdal fredag 17. juni. Atle er ansatt i anleggsavdelinga til Skiforbundet og skal på befaring i Sogndal Skisenter - Hodlekve, for å bistå med sin kompetanse til å utvikle alpintraseen. Dette er Atle sitt første offisielle anleggsoppdrag for Skiforbundet.
Vedtatt under Norges Skiforbunds ting lørdag 11. juni 2022 i Molde: Norsk skisport har nulltoleranse for netthets og mobbing.
Nedenfor kan dere se Skitinget i opptak.
Sogn og Fjordane Skikrins Alpint og Sparebanken Vest har signert ei ny tre-årig samarbeidsavtale. Avtalen strekker seg ut 2024.
Foredrag med Anders Fannemel, Jubileum- og Talentpokal til Johannes Årdal, og innslag frå Skistyret og nytilsett skiklubbutviklar skjedde i tillegg til 3 Fagmøter på Skikrinsen sitt Vårmøte måndag 23. mai.
«Dagens» Distansekortet legges ned. Løsningen kan dessverre ikke brukes videre etter 31. mai.
Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer gledeleg velkomen til Sognefjellet Sommarskiskule 2022! Sommarskiskulen går over fem dagar, 20.-24. juni (måndag-fredag) på Sognefjellet og i Skjolden. Opent for påmelding.
Vestland Fylkeskommune, seksjon for idrett og friluftsliv, inviterer til digitalt kurs om spelemidlar knytt til anleggsutvikling for våre skiklubbar. Set av tysdag 24. mai kl. 20.00.
Styringsgruppa for Team Elon Vest har tatt ut ni utøvere for sesongen 2022-2023.
Etter ein flott vinter med mykje snø legg vi til rette for lokale skisamlingar alpint i starten av mai.
Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) tatt ut til enda ein sesong på Equinor Rekruttlandslag. Sjå heile uttaket til langrennslandslaga her.
Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2022 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett. Frist 1. mai.
Laurdag 23. april er det klart for NM i Fjelltelemark, og Kjeringi Open 2022. Syril IL invitera til ein flott dag med telemarkkøyring. Saka er oppdatert med resultat pr. 26.04
Vi har samlet en del nyttig informasjon som kan være til hjelp i arbeidet rundt samordnet rapportering i KlubbAdmin for våre skiklubber. Fristen for NSFs klubber er 30. april.
Grotlirenna 2022 blir avlyst. Laurdag 30. april og søndag 1. mai inviterer Stryn T&I Alpingruppa i samarbeid med Grotli Høyfjellshotell til Grotlirenna 2022. Laurdag er det SPV Super-G, og søndag er det klart for SPV KM Utfor.
For 52. gong ønskjer IL Bjørn velkommen til Bjønnarennet 14.april (skjærtorsdag). Bjønnarennet gjekk av stabelen i fantastike forhold denne torsdagen, resultatliste finn ein her.
Tradisjonen tru vart Even Hole Cup arrangert på Skjærtorsdag. Knappe 90 alpinistar deltok under strålande forhold på Utvikfjellet. Bilder og resultatlister.
Under utfordrande forhold vart Holmøyskarrennet 2022 gjennomført i ein 14 km lang trasé. Resultatlister kan ein lese her.
Trener for Team Elon Vest Eivind Arne Bjaaland fortsetter som trener i to nye år og ser frem til å sikre edelt metall for sine løpere
Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer velkommen til sommarskiskule og trenarkurs på Sognefjellet juni 2022. Sommarskiskulen er planlagt 20.-24. juni. Trenar 2-kurs langrenn 16.-18. juni og trenar 1-kurs langrenn 18.-19. juni!
Etter 2 år uten nasjonale konkurransar har det vore stor stas å kunne delta på Hovudlandsrennet og Telenorleikane igjen. Her er eit knippe bileter og resultatlister frå renna.
NorgesCup finalar junior og senior, og NM del II med NM para arrangeres på Lygna Skisenter 6.-9. april. Skikrinsen stiller med 8 løparar. Følg renna via Live Timing.
Andrine Mårstøl, Haugen IL, med to bronsemedaljar, Sindre Myklebust, Sogndal IL, med 8. plass i SSL, og mange gode plasseringar blant alpinistane frå Skikrinsen i NM Alpint i Narvik!
Laurdag 02. april hadde Hafslo IL Hopp avslutning for hoppleik ved Sogn Skisenter. Hoppleik har blitt flittig arrangert ved Sogn Skisenter ein gong i veka gjennom vinteren. Laurdag var det klart for avslutning og hoppleik med lengdemåling.
Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, med gode resultat i NM randonee ved Myrkdalen Skisenter. Laurdag 26. mars vart det tredje plass i seniorklassen NM randonee sprint, og Søndag 27. mars tok han sigeren i juniorklassen NM randonee individuell.
Denne helga er det FIS renn på Trysil. I dei første fartsøvingane er det topp 10 plasseringar på Sindre Myklebust, Sogndal IL, og Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, og i dagens Super-G renn blir Andrine Mårstøl, Haugen IL, nr. 3!
Melanie Hetkamp-Andersen er tilsett som skiklubbutviklar i Sogn og Fjordane Skikrins frå 1. mai.
Krødsherad Alpin, Norges Skiforbundet og Telenor ønskjer velkommen til Telenorlekene 2022, 24.-27. mars 2022 på Norefjell. Sogn og Fjordane Skikrins stiller med 7 utøvarar.
SSF Cupen Langrenn 2022 vart avslutta på Langeland søndag 20. mars. I ein noko utfordrande vinter har ein fått gjennomført alle 8 renna i SSF Cupen under fine skiforhold. Takk til alle arrangørar og takk for god innsats av alle dei aktive!
Søndag 20. mars inviterar Førde IL og Gaular til SSF Cup Finale på Langeland! Det er fellesstart skiathlon (skibyte) for klassar 13 år og eldre, og fellesstart friteknikk for klassar 12 år og yngre. Rennet er teljande i SSF Cupen for junior og rekrutt.
Laurdag 19. mars har Eid IL gleden av å invitere til SSF KM Sprint. Sprinten går i år i klassisk stil, og er teljande i SSF Cupen for junior og rekrutt. Det er innlagt stakefri sone i løypa.
Den gode sesongen held fram for Johannes Årdal, Jølster IL, og Torje Seljeset, Hornindal IL. Laurdag pakkar dei bagen på Olympiatoppen og reiser til Finland for å representere Norge på EYOF, eller "Vinter OL" for ungdom.
Søndag 27. mars kl. 12.00 er det klart for vårhopp og kombikross ved Framnesbakkane! Ein vel sjølv kva bakke ein vil hoppe i, bakkar frå K5 til K52. Påmelding innan fredag 25.03.
Det var mange born og unge til start på Sparebanken Vest AlpinCup på Jølster i går. Spesielt artig å sjå så mange lokale alpinistar frå Jølster Alpin i dei yngste klassane.
Sogndal IL Alpin, i samarbeid med Sogndal Skisenter ønskjer velkommen til SPV AlpinCup Storslalåm, søndag 20. mars 2022, kl. 11.00.
Laurdag 19. mars inviterer Sogndal IL Alpin, i samarbeid med Sogndal Skisenter og Sogn og Fjordane Skikrins, til lågterskel arrangementet Fjord1 Young Attacking Vikings.
Fleire gode resultat frå helgas NorgesCup i Steinkjer og Meråker.
Andreas Holger Strand, Jølster IL, køyrde inn til siger i det andre FIS-rennet på heimebane laurdag. Totalt 7 utøvarar frå Skikrinsen deltok i dei to FIS renna ved Jølster Skisenter.
Onsdag 16. mars inviterer Jølster IL Alpin og Jøster Skisenter til kveldsrenn i slalåm. I tillegg til slalåmløypa blir det satt opp ei aktivitetsløype der ein kan køyre fritt.
KM sprint som vart utsett tidlegare blir avvikla av Eid IL ved Tua Skisenter laurdag 19. mars. KM Sprinten går denne sesongen i klassisk stil. Søndag 20. mars er det duka for SSF Cup Finale i duathlon ved Langeland Skisenter. Håpar på ei flott skihelg som avsluttar SSF Cupen denne sesongen.
Set av helga 26. - 27. mars og meld dykk på Vestlandsmeisterskap i Voss ski- og tursenter. Voss IL gledar seg til å ynskje våre kjære nabokretsar velkomne til ei kjekk langrennshelg.
12.-13. mars 2022 arrangerer Jølster IL Alpin FIS-renn i slalåm ved Jølster Skisenter nok ein gong. 6 utøvarar frå Sogn og Fjordane Skikrins stiller til slalåmrenna.
Syril IL inviterar til SSF karusell på Kleppa søndag 13. mars kl. 12.00. Rennet går som skicross og vert laga til med ulike elememt slik som storslalom, 180 grader svingar, orgeltramp og ulike andre hinder. Dette bidrar til utviklingen av skiferdigheter, men først og framst er det GØY!
Søndag 13. mars kl. 13.00 er det klart for Aosarennet 2022. Årdalstangen IL og Jotun IL ønskjer velkomne til det 29. Aosarennet på Seimsåsen Aktivitetssenter.
Laurdag 5. mars 2022 gjennomførte Hafslo IL flott SFE Hopprenn i det nye skileikanlegget for hopp ved Sogn Skisenter. Det er første gang det er arrangert hopprenn i dei nye hoppbakkane på 5 meter, 10 meter og 19 meter.
Holmenkollen viste seg frå si beste sida under Kong Haralds Ungdomsstafett søndag 6. mars. Ein fantastisk opplevelse for alle deltakarar. Sogn og Fjordane Skikrins sitt lag endte til slutt på 26. plass.
Årets KM i Super-G og Super Kombinasjon avvikla av Haugen IL ved Harpefossen Skisenter.
Kong Haralds Ungdomsstafett i 2022 blir arrangert i samband med WC i Holmenkollen. Sogn og Fjordane Skikrins stiller med 1 lag, miks jenter og gutar 15 og 16 år, til stafetten søndag 6. mars.
Sogndal IL har gleden av å invitere til 2 renn i Hodlekve laurdag 5. og søndag 6. mars. Merk at begge renna er teljande i SSF Cupen for junior, søndagens renn er teljande i SSF Cup for klassane 11-16 år.
Søndag 6. mars inviterer Haugen IL til SPV KM Super-G og Super Kombinasjon ved Harpefossen skisenter. I forbindelse med rennet legg vi opp til ein treningsdag laurdag 5. mars og overnatting ved Harpefossen/ Nordfjord Hotell. Informasjon er oppdatert 02.03.
Søndag 27. februar arrangerte Førde IL det tradisjonsrike Kalsetrennet i fantastiske forhold. Kalsetrennet 2022 var KM Langdistanse.
Grunna få påmeldte har arrangør og TD tatt avgjersla om å avlyse SSF Cup-rennet på Seimsåsen 26. februar.
Sparebanken Vest KM SSL og SL vart i dag vel gjennomført ved Stryn Vinterski.
Skikrinsen legg til rette for felles overnatting i forbindelse med Telenorleikane og Hovudlandsrennet i alpint. Påmelding kan ein gjere her.
Kleivanerennet vart avvikla laurdag 12. februar. Det var teljande i SSF Cupen for aldersklassane rekrutt 11-16 år, her er resultatliste og oppdatert samanlagtstilling SSF Cup 2022.
Sogn og Fjordane skikrins søkjer etter ny medarbeidar som skal medverke til å få endå fleire glade, motiverte og gode skiløparar – i alle aldrar. Søknadsfrist 6. mars!
Førde IL og Gaular IL har gleden av å invitere til KM Klassisk søndag 20. februar 2022. Rennet inngår i SSF Cupen for rekrutt 11-16 år.
Laurdag 19. februar inviterer Stryn T&IL alpinmiljøet i Sogn og Fjordane til Krinsmeisterskap i storslalåm og slalåm.
Søndag 6. mars ønskjer Oslo Skikrets og Norges Skiforbund velkommen til Kong Haralds Ungdomsstafett 2022 i samband med World Cup i Holmenkollen.
Laurdag 12. februar arrangerte Jølster Alpin eit flott krinsrenn i storslalåm i samarbeid med Jølster Skisenter.
Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, Sindre Myklebust, Sogndal IL, og Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, er alle klare for europacuprenn i Oppdal.
Langrennskomiteen har sett opp nye datoar til SSF Cup og KM renn som er utsett. OBS, KM Klassisk vert avvikla neste søndag 20. februar. Elektronisk terminliste er oppdatert pr. 10. februar.
Hornindal IL inviterer til turrenn i Hornindal søndag 20.02.2022. Hornindalsrennet er eit turrenn som i år blir arrangert for 50. gong.
Laurdag 12. februar 2022 inviterer Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter til Sparebanken Vest AlpinCup, Storslalåm.
Tambarskjelvar IL inviterer til skicross med fleire element i løypa - hopp, trampelåm, 360 grader, slalåm, kuleløype m.m. Vi prøver å ta opp att tradisjonen med det årlege Tambarrennet!
Laurdag 12. februar har Fjellhug/ Vereide IL gleden av å invitere til SSF Cup Kleivanerennet 2022.
Skikrinsen legg til rette for felles opplegg med kost og losji, og smørehjelp til Hovudlandsrennet 2022 i Holmenkollen. Påmelding kan ein gjere her.
Laurdag 5. februar avvikla IL Veten ein flott skidag ved Nordfjord Fritidssenter, med Vetenrennet 2022 og mykje skileik.
Det er nå klart for årets søknadsrunde. Ordningen omfatter utstyr kjøpt i 2021 (med fakturadato i 2021).
Søndag 6.februar er det klart for den niande Tverrfjelldilten. Rennet er seedingrenn til Birkebeinerrennet. Det vert også 10km distanserenn for J/G 15-16.
Søndag 6. februar inviterer Haugen IL til 2 slalåmrenn ved Harpefossen Skisenter.
IL Veten inviterer til Vetenrennet laurdag 05.02.22. Rennet vert avvikla i fristil med fellesstart for klassar 13 år og eldre.
Søndag 30. januar 2022 har Eid IL og Markane IL gleden av i invitere til SSF Cup/ KM Friteknikk på Ullsheim skistadion.
Laurdag 22. januar vart det gått sprintstafett på Langeland. På marginale forhold, vart det ein bra skidag.
Elektronisk terminliste er oppdatert pr. 20. januar 2022. Utfordringar med varierande snøforhold gjer at det kan kome endringar tett på sprintstafetten som skal avviklast på Langeland søndag. KM-helga, 28.-30. januar, blir redusert grunna NorgesCup junior.
Ren Utøver gir deg kunnskapen du som utøver, trener eller leder trenger om antidoping.
Bli med på praktisk fagøkt på ski i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn! Fagøktene som først var planlagt 31. januar og 1. februar er utsatt til 2.-4. mars.
Sprintstafetten er flytta til laurdag 22. januar! Gaular IL og Førde IL inviterar til SSF Sprintstafett laurdag 22. januar! Rennet går i fristil på Langeland med atterhald om snøforhold.
Ny informasjon vedrørende gjennomføring av Equinor NC denne vinteren. Oppdatert 14.januar.
Johannes Årdal, Jølster IL, tok sølv i jr. NM stor bakke i Holmenkollen. I morgon, tysdag, skal han hoppe sr. NM stor bakke, det kan du sjå direkte på NRK.
Sogn og Fjordane Skikrins arrangerar oppstart av trenar 1-kurs i Hodlekve 2. og 3. februar 2022.
Søndag 16. januar har Syril IL gleda av å invitere til SSF Cup Klepparennet 2022. Det er meldt store mengder nedbør dei neste dagane, som gjer at det kan kome endringar tett på arrangementet.
Elias Helle Felde (Breimsbygda IL) imponerte med to 3. plassar i storslalåm, og 5. og 6. plass i slalåm i FIS-renna på Ål.
Sogn og Fjordane Skikrins Alpint ønskjer å støtte opp om det gode rekrutteringsarbeidet som blir gjort i klubbane og tilbyr prosjektsøtte til rekrutteringsprosjekt. Alle alpinklubbar i Sogn og Fjordane Skikrins kan søke.
Elias Helle Felde (Breimsbygda IL) med 3. plass i dagens storslalåm renn på Ål! I dag starta rennhelga for fleire alpinistar i Skikrinsen, fire løparar frå SFSK køyrer renna på ÅL.
Da fartssamlinga på Ål vart utsett og det er meldt gode snøforhold arrangerer SFSK Alpint treningshelg ved Jølster Skianlegg, laurdag 8. og søndag 9. januar.
Sogndal IL inviterar til SSF Cup Hodlekverennet 2022 i klassisk stil, søndag 9. januar.
Sindre Myklebust (Sogndal IL) er utteken til sine første renn i Europacupen i Berchesgaden SL 6 og 7. januar. Frå krinsen skal også Andreas Strand (Jølster IL) køyre same renn. Andrine Mårstøl (Haugen IL) køyrer Europacup seinare i januar.
SSF karusell Jølstrasprinten som langrennscross vart avvikla i skileikanlegget i Årdalen 8. januar under fine forhold trass i lite snø. Her var god stemning og mykje skiglede.
Ullsrennet 2022, det første rennet i SSF Cupen 2022 og KM friteknikk jr. og sr. vart gjennomført søndag 2. januar.