ALPINT OG FREESKI

All informasjon om alpint og freeski i Sogn og Fjordane.

Alpinkomiteen 2025-2027
Alpinkomiteen 2025-2027    
Atle Hole Sæterbakken Leiar 993 67 608 [email protected]
Elisabeth Sætren  Medlem 975 25 711 [email protected]
Roger Ellingsund Medlem 901 52 524 [email protected] 
Hans Christian Amundsen Medlem 907 64 572 [email protected]
Tasle Torrissen Knapstad Medlem 917 85 213 [email protected]

Protokollar 25-27

Protokollar 23-25

Protokollar 21-23

Protokollar 19-21

Protokollar 17-19

Protokollar 15-17

Protokollar 13-15

FIS-løparar
Terminlista alpint

Terminliste alpint for 2026 - 2027 blir oppdatert etter Haustmøtet 2. november 2026. 

Her kan du sjå korleis terminlista var lagt opp i 2025-2026:

Terminliste 2025/2026 

Nasjonale renn

Nasjonale renn

Hovudlandsrennet (HL) alpint (lenke med detaljert info vert lagt ut i løpet av hausten) 

Telenorlekene (TL) alpint (lenke med detaljert info vert lagt ut i løpet av hausten) 

Ved fleire løparar, gjeld følgjande Kvalifiseringsreglar - HL/ LF (oppdatert 28.10.2019)

Reservasjon av innkvartering

Sogn og Fjordane Skikrins kan bistå i reservasjon eller formidling av aktulle overnattingsstad til nasjonale landsfinalar.

Bestillingsfristar, avbestillingsfristar og øvrige rammevilkår blir sett av kvar einskild overnattingsverksemd. Ved forfall må løpar/ føresett nytte seg av eiga reiseforsikring ved eventuell refusjon.

Ved hotell o.l. skjer oppgjeret direkte mellom overnattingsstaden og utøvaren evt. etter nærare avtale.

Påmelding

Påmelding til dei ulike arrangementa skjer gjennom Isonen med ein sterk oppmoding om å informere leiar for Alpin komiteen om påmeldinga [email protected]

Ver elles merksam på at alpinkomiteen dekkjer startkontingenten ifbm. NM, jr. NM, Hovudlandsrenn og Landsfinale/ Telenorleikane.

Detaljinformasjon om dei ulike arrangementa for 2026-2027 vert oppdatert når det er klart. 

 

 

Økonomi

Alpinkomiteen har lagt til rette for økonomiske ordningar for utøvarar i Sogn og Fjordane Skikrins: 

FIS-løparar

Aktive FIS-løparar i Sogn og Fjordane søke om støtte på inntil kr. 8000 pr. sesong. Eige søknadsskjema vert publisert før sesongstart, med krav om innlevering av eit rapporteringsskjema etter avslutta sesong. 

Støtte til FIS-løparar kan nyttast til dokumentarbare utgifter som startkontingent, forsikring eller treningsopphald. For å få beløpet utbetalt må utøvar før avslutta sesong (innan 31.05.27) sende inn kvitteringar/dokumentasjon tilsvarande beløpet til dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins.

Startkontingent nasjonale renn

Junior NM/NM:
Alpinkomiteen dekkjer startkontingenten til utøvarar på NM og jr. NM som ikkje har FIS-støtte (sjå over). 

Hovudlandsrenn:
Alpinkomiteen dekkjer startkontingent og heiskort for deltakarar på Hovudlandsrenn. 

Landsfinale/Telenorlekene:
Alpinkomiteen dekkjer heiskort for deltakarar på Landsfinale/Telenorleikane (TL). Dersom Alpinkomiteen har nok midlar, ynskjer komiteen å dekkje heiskort til løparane på BAMA Alpinfestival. 

Trenar:
Alpinkomiteen ynskjer å legge til rette for å dekke deler av kostnader (t.d. heiskort, reise, m.m.) til trenar/ar til nasjonale renn (TL og HL), men dette må søkast om minst 3 veker før landsfinalane til dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skikrins. 

For alle: Sjå krav til dokumentasjon under. 

Treningssamlingar 

Alpinkomiteen subsidierer inntil kr. 500,- pr døgn (inntil 20 døgn/ kr. 10 000,- per sesong) for kostnadar med å reise på treningssamling med andre lag/ skiskular for U16 og U14. Dersom det er nok midlar, vil alpinkomiteen også prøve å subsidiere for løparar U12 og U10.

NB - sjå informasjon om krav til dokumentasjon under. 

Sesong:

Ein sesong variar frå 1. mai - 30.april. 

Krav til dokumentasjon:

Før kostnadar vert refundert, må dei dokumenterast med kvitteringar eller anna dokumentasjon til dagleg leiar Bodil Ryste på epost: [email protected] 

Frist for innsending av kvitteringar er sett til 31.05 for den føregåande sesongen (døme: for sesongen 2026-2027 blir frist for innsending 31.05.2027). 

For spørsmål, ta kontakt med leiar i Alpinkomitéen: [email protected]

Resultat