Hopp til innhold

Ivar Nistad (Førde IL), nr. 392, klar for kvartfinale sprint i Steinkjer

NorgesCup Steinkjer og Meråker

Fleire gode resultat frå helgas NorgesCup i Steinkjer og Meråker.

Denne helga var det duka for NorgesCup både i Steinkjer og Meråker. Dei yngste juniorklassane gjekk i Meråker, medan eldste junior og senior gjekk i Steinkjer. Resultatlister finn ein nedst i artikkelen. 

Ivar Nistad, Førde IL, opna med ein 11. plass i prologen i fredagens klassisk sprint Steinkjer. Han enda til slutt på 24. plass i klassen M19/20 år. 

Eskil Hov, Kaupanger IL, fulgte opp på laurdagens 15km klassisk og klinka til med 38. plass i klassen U23. 

 I Meråker var det fleire gode topp 50 plasseringar. Aksel Bjørhaug, Førde IL, går inn til ein sterk 19. plass i 10km fri klasse M17 søndag.

Tørres Nøstdal, Eid IL, endar på 28. plass i både laurdagens 7,5km klassisk og søndagens 10km fri, klasse M17. 

Resultater NC jr. Meråker Resultater NC U23 Steinkjer 

Desse utøvarane deltok frå Skikrinsen: 

NC jr. Meråker: 

Navn Klubb Klasse
Linnea Lundekvam  Førde IL  K 18 år
Sigrid Orheim Mundal Sogndal IL  K 18 år
Oda Sønnesyn IL Bjørn K 18 år 
Magnus Furnes Degnepoll Førde IL  M 17 år 
Aksel Bjørkhaug Førde IL  M 17 år
Tørres Nøstdal  Eid IL  M 17 år 
Stian Vårdal Helle  Førde IL  M 17 år
Sondre Askeland Hofstad Førde IL  M 17 år 
Martin Espe Førde IL  M 18 år 

NC U23 Steinkjer: 

Navn Klubb Klasse
Ivar Nistad Førde IL  M 19/20 år
Ulvar Tufte Sogndal IL  M 19/20 år
Eskil Hov Kaupanger IL M U23
Even Nesgård Fjellhug/ Vereide IL M U23
Lars Øvrebø Gaular IL M U23

Dessverre er det noko tynt i rekkene grunna sjukdom/ korona. 

NIF-EPI02, 02