Hopp til innhold

Stafett for livet

Det vart ei flott barmarksamling i Førde. Skikrinsen hadde fleire utøvarar som deltok på stafettlaget til Olaf Betten i stafett for livet Dei fekk ei god treningsøkt samtidig som dei støtta ein god sak. Til saman samla Skikrinsen inn 2000kr i samband med Stafett for Livet Førde!

Fjord1 Barmarksamling Førde er vel gjennomført. Totalt 10 utøvarar var med på samlinga, og avslutta med løpet stafett for livet. Dette resulterte i kr. 2000,- til innsamlingsaksjonen saman med våre gode samarbeidspartnar Fjord1. 

Frå tidlegare:

Samlinga er gratis å vere med på for alle deltakarar, men for kvar deltakar som deltek vil Fjord1 vere med å sponse kr. 200,- til Kreftforeninga! 

Meir informasjon
Fjord1 Barmarksamling Førde 

Påmelding: send e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no med fullt namn og alder 

Program: Oppmøte ved Klubbhus i Hafstadparken kl 10.
1. økt kl. 10.00-12.00: Rulleskøyter
Pause: 12.00-13.00
2. økt kl. 13.00-15.00: Stafett med styrke øvelsar. 

Vi blir i andre økta med på Stafett for livet på Førde stadion. 

Alle må ta med eller låne rulleskøyter, om nokon har fleire par er det fint om dåkke kan ta med desse. Hugs hjelm og eventuelt anna beskyttelse. 

Påmelding til stafetten kan ein og gjere direkte her: 
Stafett for livet - Førde

*Innsamlingsaksjonen har eit tak på 30 deltakarar. 

Informasjon er oppdatert pr. 07.09

NIF-EPI01, 01