Hopp til innhold

Sesongoppkøyring i Chile

I desse dagar er Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, på veg heim frå ein månads langt treningsopphald i Chile. Her har han trent og køyrt konkurransar i unike fasilitetar for å bli best mogleg til vinteren.

Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, står utanfor landslaget, men saman med fartslaget i Trysil satsar han mot toppen. I mangel på snø i Europa har dei tatt turen til Chile for å kunne trene i unike forhold. 

Jørgen er fødd i 2001 og er i verdstoppen i sin årsklasse når det gjeld fartsdisiplinane i alpint. I løpet av sitt opphald har han køyrt fleire renn i Sør-Amerikans Cup og har teke fleire gode plasseringar. 

Skikrinsen ønskjer Jørgen lukke til med sesongen! 

NIF-EPI03, 03