Hopp til innhold

Anders Fannemel t.h. og Johannes Årdal t.v. under Skikrinsen sitt Vårmøte 2022.

Vårmøte 2022

Foredrag med Anders Fannemel, Jubileum- og Talentpokal til Johannes Årdal, og innslag frå Skistyret og nytilsett skiklubbutviklar skjedde i tillegg til 3 Fagmøter på Skikrinsen sitt Vårmøte måndag 23. mai.

Skikrinsen sitt Vårmøte 2022 vart opna ved at styreleiar Finn Årdal fekk dele ut utmerkingane Talentpokal og Jubileumspokal til hopptalentet Johannes Årdal, Jølster IL. Talentpokalen er for utøvarar som har utmerka seg ved spesiell talentfull innsats, medan Jubileumspokalen vert delt ut til utøvarar som har vert til inspirasjon for andre, og vist haldningsskapande engasjement i sitt skimiljø. Utmerkingane er delt ut for Johannes sine bragder i skisesongen 20/21, men utdelinga vart utsett grunna digitale møter og sesongoppkøyring. Likevell vel fortent! 

Vidare vart det halde innlegg ved ungdomsrepresentant i Skistyret, Sigrid Snuggerud, og ny tilsett Skiklubbutviklar i Sogn og Fjordane Skikrins, Melanie Hetkamp-Andersen. Presentasjonane finn ein lenger ned i artikkelen. 

Anders Fannemel, Hornindal IL, avslutta fellesdelen med eit flott foredrag om sin veg til verdstoppen i hopp og om sine år på hopplandslaget. 

Kvelden vart avslutta med greinvise vårmøter i alpin, hopp- og kombinert, og langrenn, der det vart tatt opp fleire idrettsfaglege problemstillingar. Referat frå desse møta blir lagt ut fortløpande. 

Presentasjonar: Skistyret ved Sigrid  Prosjekt Skiklubbutviklar

Stad: Thon Hotel Skei  

Dato: 23. mai 2022 

Tidspunkt: kl. 18.00-21.00 

Rammeprogram Vårmøte 2022

Sakliste Alpinkomiteen  Sakliste Hopp- og Kombinertkomiteen Sakliste Langrennskomiteen 

Påmelding Vårmøte 2022

Påmeldingsfrist: Søndag 15. mai (etterpåmelding gjer ein per e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no)

Rammeprogram
17.45: Oppmøte og enkel servering av rundstykker, frukt, og kaffi
18.00: Velkommen ved styreleiar Finn Årdal
18.05: Innlegg ved medlem i Skistyret Sigrid Snuggerud 
18.10: Innlegg ved Skiklubbutviklar SFSK Melanie Hetkamp
18.20: Felles foredrag ved Anders Fannemel 
18.50: Pause 
19.00: Greinvise vårmøter

Innkalling og sakliste til vårmøta blir lagt ut i framkant, og sendt til påmeldte deltakarar per e-post. 

Spørsmål kan rettast til adm. Skikrinsen, Kennet Dvergedal, per e-post; kennet.dvergedal@skiforbundet.no

NIF-EPI02, 02