Hopp til innhold

Foto: NSF

Marthe Kristoffersen til Enivest Skiskule 2022

Tidlegare landslagsløpar Marthe Kristoffersen held foredrag i samband med Enivest Skiskule, søndag 9. oktober ved Scandic Hotell Sunnfjord. Foredraget er for alle.

Marthe Kristoffersen er no hovudtrenar for regionlaget Team Elon Innlandet, og går på sin tredje sesong som hovudtrenar for satsingslaget. Marhe var tidlegare landslagsløpar og har ei lang merittliste med OL og VM deltaking og fleire medaljar i NM for IL Varden Meråker. I samband med Enivest Skiskule 2022 kjem ho til Førde og held foredrag saman med Gjøran Tefre, søndag 9. oktober. 

Stad: Amfiet på Scandic Sunnfjord Hotell, Førde

Tidspunkt: Søndag 9. oktober 2022, kl. 10.00-11.00

For kven: Alle trenings- og skiinteresserte 

Påmelding: Ingen påmelding, berre å møte opp. Foredraget er gratis. 

Tema for foredraget er langrennstrening, kultur i klubb og lag, samt Marthe sine erfaringar som både utøvar og trenar. 

         

Enivest Skiskule 2022

Enivest Rulleskirenn 9. oktober

NIF-EPI02, 02