Hopp til innhold

Andrine Mårstøl med sin andre NM Bronse i Narvik (Foto: Torje Kosmo Karlsen).

NM Alpint 2022 Narvik

Andrine Mårstøl, Haugen IL, med to bronsemedaljar, Sindre Myklebust, Sogndal IL, med 8. plass i SSL, og mange gode plasseringar blant alpinistane frå Skikrinsen i NM Alpint i Narvik!

Totalt 8 alpinistar frå Sogn og Fjordane Skikrins deltok i NM Alpint i Narvik. 

Andrine Mårstøl forsvarar bronsemedaljen sin frå NM i storslalåm i 2021, med eit godt storslalåmløp i Narvik mandag. Tirsdag fulgte ho opp med solid slalåm køyring og sikra sin andre 3. plass i Narvik. Kristin Hofslundsengen, Sogndal IL, køyrde og storslalåm og slalåm øvingane, men køyrde ut begge dagane. 

I storslalåm rennet måndag leverte Sindre Myklebust, Sogndal IL, ein fantastisk 2. omgang og køyrer seg opp mange plassar. Til slutt blir han nr. 8. Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, blir nr. 20, og Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, blir nr. 25. 

I tirsdagens slalåmrenn er det fantastiske 4 løparar frå Skikrinsen som kvalifiserar seg til finaleomgangen. Sindre Myklebust køyrer igjen godt, og blir nr. 11. Andreas Strand, Jølster IL, låg godt an til ein god plassering etter 1. omgang, men køyrde ut i finaleomgangen. Jørgen Aa Taklo, kvalifiserte seg akkuratt med den gyldne 30. plasseringen, køyrde seg 10 plassar opp og enda på 20. plass. Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, var nr. 24 etter 1. omgang, men køyrde også ut i finaleomgangen. 

Resultatlister NM Narvik 2022  NRKTV - Alpint NM 


Sindre Myklebust med ein god 2. omgang i storslalåmrennet, som ga han nokre minutt i ledarstolen i Narvik. 

Desse utøvarane deltek frå Skikrinsen: 

Navn Klubb Klasse
Andrine Mårstøl  Haugen IL

Kvinner A

Kristin Stedje Hofslundsengen  Sogndal IL Kvinner A
Andreas Strand  Jølster IL  Menn A
Eivind Stedje Hofslundsengen Sogndal IL Menn A
Elias Helle Felde Breimsbygda IL Menn A
Håvard Aarøen Taklo  Jølster IL Menn A
Jørgen Aarøen Taklo Jølster IL Menn A
Sindre Sætren Myklebust  Sogndal IL Menn A 
NIF-EPI02, 02
Pedro Lemos