Hopp til innhold

Even Hole Cup 2022

Tradisjonen tru vart Even Hole Cup arrangert på Skjærtorsdag. Knappe 90 alpinistar deltok under strålande forhold på Utvikfjellet. Bilder og resultatlister.

Knappe 90 løparar deltok i Even Hole Cup i alpint på Utvikfjellet. Strålande forhold, god stemning og veldig mykje god skikøyring gjorde dette til ein flott dag for alpinsporten. 

Beste tid i lang løype for kvinner og menn vinn kvar sitt Jarlsberghjul med ost (10 kg). Vinnarane i år vart Elias Helle Felde, Breimsbygda IL og Julia Felde, Haugen IL.

Vi hadde også påskeplask (skikøyring over eit basseng) og der gjekk premien til ein av dei med den flottaste «trynnga» og det var Geir Thomas Myklebust. Mange store og små hadde massevis av tøffe runder over vatnet.

Resultatlister EVEN hole cup 2022  

Resultatliter Even Hole Cup 2022 Urangert 

Innbyding Even Hole Cup 2022 Påmelding 

NIF-EPI01, 01