Hopp til innhold

Elias Felde på Ål tidlegare i vinter, Foto: Gunnhild Helle

Gode resultat på Trysil

Denne helga er det FIS renn på Trysil. I dei første fartsøvingane er det topp 10 plasseringar på Sindre Myklebust, Sogndal IL, og Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, og i dagens Super-G renn blir Andrine Mårstøl, Haugen IL, nr. 3!

Fleire gode resultat i dei første fartsøvingane på Trysil. Sindre Mykebust, Sogndal IL, vart nr. 8 i gårsdagens første Super-G renn, og Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, vart nr. 6 i dagens Super-G renn! 

Elias har hatt ein god utvikling dei siste renna, og er berre 0,23 sekund bak vinnaren i dagens første konkurranse. 

Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, køyrer og gode fartsrenn, held seg topp 20 og er under 2 sekund bak vinnaren. 

No ser vi fram mot storslalåm i morgon og slalåm søndag. 

Resultat FIS Trysil torsdag Resultat FIS Trysil fredag, laurdag, søndag 

Desse utøvarane stiller frå Skikrinsen: 

Navn: Klubb: Klasse: 
Eivind Stedje Hofslundsengen Sogndal IL M 17-18 år
Elias Helle Felde Breimsbygda IL M 19-21 år 
Sindre Sætren Myklebust  Sogndal IL  Menn A
Jørgen Aarøen Taklo Jølster IL  Menn A 
Andrine Mårstøl Haugen IL  Kvinner A
NIF-EPI02, 02