Hopp til innhold

Ylva (11 år) ved hoppkanten i K10-bakken

Hoppleik på Sogn Skisenter

Laurdag 02. april hadde Hafslo IL Hopp avslutning for hoppleik ved Sogn Skisenter. Hoppleik har blitt flittig arrangert ved Sogn Skisenter ein gong i veka gjennom vinteren. Laurdag var det klart for avslutning og hoppleik med lengdemåling.

Med delvis planert nytt hoppanlegg, etter mykje natursnø, trakkemaskiner på skisenteret og dugnad av hoppgruppa i Hafslo idrettslag, har det vore hoppleik kvar veke på Sogn skisenter.  Hoppanlegget har vore brukt av alpinistar, men spesielt dei som har prøvt nye hoppski utlånt av Hafslo idrettslag.   Jens 8 år frå Sogndal og Ellisiv frå Høyheimsvik synest det er kjekkast å få hoppe med nye hoppski. Ellisiv hadde bursdag på avslutninga og fekk bursdagssong før siste hopp.

På avslutning for hoppleiken sist laurdag var det lengdemåling med ein klasse uavhengig av alder og skitype.  Av 18 deltakarar var det 11 jenter der 2 gutar ikkje fullførte konkurransen. Det vart hoppa med fri fart i fire bakkar på 3, 7, 10 og 19 meter.  Resultat samanlagt for tre hopp:

 

Oline Nondal                             5,5 meter

Ingeborg Finstad                       6,0 meter

Eldrid Gabrielsen Urdahl          6,0 meter

Johannes Nondal                       3,0 meter

Emma England                          13,0 meter

Nora Åsen Brynjulfsen              12,5 meter

Marte England                           17,0 meter
Tuva Kringstad Sjøthun            13,5 meter

Marit Halleråker                        19,5 meter

Jens Engesæter Eliassen            39,5 meter 

Ida Lomheim Aanes                  10,5 meter

Ellisiv Olsen Sjøthun                13,5 meter

Ylva Gabrielsen Urdahl            16,0 meter

Olav Hagelin Moe                     16,0 meter

Karelius Haugen                        49,0 meter

Johannes Halleråker                  47,0 meter


Jens (8 år) komen i svevet i K19-bakken. 

NIF-EPI02, 02