
God Jul og Godt Nyttår!
Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!
Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!
Måndag 26. desember 2022 arrangerte Førde Langrenn det tradisjonsrike Ribberennet v/ Langeland Skisenter. Resultatliste kan ein lese her.
SSF Cup nr. 1 som var terminfesta i Hodlekve blir flytta til Ullsheim laurdag 17. desember. Markane IL inviterar til førjulsrennet 2022. Resultat og oppdatert SSF Cup samanlagt.
Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, er tatt ut til Europacup renn i St. Moritz før jul. Med det er Taklo ein av tre alpinistart frå Skikrinsen som konkurrerar i Europacup sirkuset denne sesongen - fantastisk!
Torje Seljeset, Hornindal IL, med 8. og 9. plass i Continental Cup i Finland.
Vi har fått satt opp ett ekstra digitalt TD / arrangørkurs i langrenn. Kurset går som webinar med internasjonal TD Rune Tøllefsen som kursholder.
Alpinkomiteen Sogn og Fjordane ønskjer å støtte FIS-utøvarar i Skikrinsen litt ekstra inn mot sesongen 22/23.
Barnas mini-VM er klar for en ny sesong og starter 17. desember! Denne vinteren kommer arrangementet til å gjennomføres flere steder i landet.
Søndag 11. desember er det terminfesta sesongopning langrenn og Bjønnastarten 2022. Grunna lite snø blir rennet avlyst i år.
Norges Skiforbund med kretser og klubber inviterer til skisprell-aktivitet i hele Ski-Norge med kick off uke 7.–15. januar. Vi tilrettelegger for enda mer skiglede ved å skape gode rammer og inspirerende og sosial aktivitet.
Terminlista 2022/2023 for Sogn og Fjordane Skikrins alpint er klar som pdf-format. Elektronisk terminliste blir oppdatert fortløpande.
Gålåsprinten går i helga, 25.-27. november. Det er NorgesCup for senior fredag, laurdag og søndag, og FIS renn for junior laurdag og søndag. Nytt for i år er at renna blir sendt direkte gjennom Amedia sine aviser.
Telenor Karusellen arrangeres for 17. gang i vinter, og påmelding for klubber/arrangører er fortsatt åpen. Nå kan dere se karusellens nye video foran årets sesong!
Det er klart for sesongopning langrenn på Beitostølen. Fem løparar frå Skikrinsen skal gå. Renna kan du sjå direkte på NRK eller på NRK nett-tv.
NSF Alpint inviterer til webinaret «Kulturbygging gjennom trening» onsdag 23. november kl. 20.00.
Treng skigruppa di inspirasjon til barmarkstreningane i haust? Skiforbundet lagar ei serie framover med "ukas økt" der det blir publisert ei ny økt kvar veke. "Ukas økt" veke 46
Laurdag 5. november vart Haustmøta til Skikrinsen gjennomført ved Idrettens Møteplass på Sandane.
I forbindelse med Haustmøte til Skikrinsen, vart langrennskomiteen overraska med ei gåve på kr. 50 000,-. Gåva er gitt for vidare utvikling av langrennssporten i Skikrinsen.
Langrennskomiteen i Skiforbundet har vedtatt at det skal organiseres et felles smøreopplegg for alle deltakere under Hovedlandsrennet 2023 i Meråker. En avstemning på fagmøtet i langrenn (Høstmøtet), ga et overveldende flertall for en slik løsning. Swix er smøreleverandør under Hovedlandsrennet.
Laurdag 29. oktober vart det hoppa om kongepokal i Midtstuen. Anders Fannemel, Hornindal IL, vart nr. 7, og Johannes Årdal, Jølster IL, vart nr. 18.
Nå åpner søknadsskjemaet for strømstøtteordningen for frivillig sektor for perioden juli-september.
I desse dagar er Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, på veg heim frå ein månads langt treningsopphald i Chile. Her har han trent og køyrt konkurransar i unike fasilitetar for å bli best mogleg til vinteren.
Norges Skiforbund telemark inviterer til høstmøte onsdag 2. november via teams.
13.-16. oktober hadde Skikrinsen alpintsamling på Juvassbreen. Det vart 4 flotte dagar på ski med sol, snø, vind, og skodde.
Olympiatoppen Vest invirerar alle trenarar og foreldre/ føresette til fordrag; trenar-, forelder-, og utøvarrelasjon, ved Thon Hotell Jølster, 1. november 2022.
Tysdag 18. oktober kl. 16.00 kjem representant frå Fischer Ski til Intersport Førde. Her kan ein møte opp og få mange gode tips til kjøp og prepping av langrennsski før sesongen.
I samband med Enivest Skiskule med Gjøran Tefre, inviterar Førde IL og Gaular IL til Enivest rulleskirenn v/ Langeland Skisenter søndag 9. oktober 2022. Resultatlister kan ein lese her.
Tidlegare landslagsløpar Marthe Kristoffersen held foredrag i samband med Enivest Skiskule, søndag 9. oktober ved Scandic Hotell Sunnfjord. Foredraget er for alle.
Gjøran Tefre og Førde IL Langrenn, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, ønskjer 24 unge utøvarar velkomne til Enivest Skiskule i Førde 7.-9. oktober. Skiskulen er for utøvarar født mellom 2007-2011.
Vestland fylkeskommune har etablert ei søknadsbasert driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Tilskotet skal stimulere til hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon.
Bestill skiklubbutviklar, Melanie Hetkamp-Andersen, til klubben din. Ho kan bidra med råd og vegledning i breidde- og rekrutteringsarbeid. Ta kontakt, Melanie kjem gjerne på besøk!
Laurdag 24. september inviterer Skikrinsen til barmarkstrening for alle på Syril Stadion, Leikanger.
Det vart ei flott barmarksamling i Førde. Skikrinsen hadde fleire utøvarar som deltok på stafettlaget til Olaf Betten i stafett for livet Dei fekk ei god treningsøkt samtidig som dei støtta ein god sak. Til saman samla Skikrinsen inn 2000kr i samband med Stafett for Livet Førde!
Det er tid for FIS liste inn- og utmelding for komande sesong. Alle utøvarar som skal gå FIS-renn, Norges Cup og NM skal stå på lista. Alle som ikkje skal stå på lista må melde seg ut. Ta utgangspunkt i vedlagt liste, frist for inn/ut melding 28 september.
Anders Fannemel vann i Normalbakken, og vart nummer 2 i Stor bakke. Frå krinsen deltok Fannemel og Johannes Årdal.
Laurdag 17. september 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Miljøsamling for born og ungdom f. 2007-2012. For aldersgruppe 2010 og eldre vert det invitert til rulleskirenn kl. 15.15.
Sogn og Fjordane Skikrins invitera til Fjord1 samlingar på snø på Juvassbreen 30.-september til 2. oktober, og 13. oktober til 16. oktober. Informasjon og påmelding.
Norges Skiforbund har tildelt NM langrenn junior 2024 til Nybygda IL og Furnes Skiløperforening.
Torje Seljeset, Markane IL, nr. 7 på 10km kombinert, og Gjøran Tefre, Førde IL, nr. 9 på jaktstarten. Sjå alle resultata frå toppidrettsveka her.
Sogn og Fjordane Skikrins, i samarbeid med dyktige skiklubbar, arrangerer barmarksamlingar for alle i aldersgruppa 11-15 år. Her ligg ein oversikt over barmarksamlingar med innbyding og påmelding.
Det skal være trygt og enkelt å varsle i norsk idrett.
2.-4. september inviterer Markane IL, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, til langrennssamling for jenter og gutar f. 2007-2011 på Ullsheim.
Leikar du med tanken om å byrje på Toppidrettsgymnas? Her finn du informasjon om rekrutteringssamlingar.
Gjøran Tefre, Førde IL, imponerte i Sandnes med 3. plass i sprint og 4. plass på 15km, og var beste norske begge dagar! Les alt om Blink 2022 her.
Samlingsplan for hausten 2022 er oppdatert med barmarksamlingar og skisamlingar. Rele Felde held fram som hovudtrenar i alpint og vil halde dei fleste treningane.
Skikrinsen ønskjer alle ein god sommar og minner om at krinskontoret er feriestengt i perioden 04.-29. juli.
Sogndal IL i samarbeid med NSF Freeski invitera til Freeski Jentecamp på Vesterland, Kaupanger, søndag 28. august. Dette blir ein dag med barmarkstrening, trampoline og leik. Campen er for jenter opp til 15 år. Program og påmelding.
Flotte dagar på trenarkurs! Det vart også i år avvikla trenarkurs langrenn på Sognefjellet/ Skjolden. 17.-19. juni var det trenar 2- og 19.-20. juni var det trenar 1-kurs.
Sogndal IL Alpin for besøk av Atle Skårdal fredag 17. juni. Atle er ansatt i anleggsavdelinga til Skiforbundet og skal på befaring i Sogndal Skisenter - Hodlekve, for å bistå med sin kompetanse til å utvikle alpintraseen. Dette er Atle sitt første offisielle anleggsoppdrag for Skiforbundet.
Vedtatt under Norges Skiforbunds ting lørdag 11. juni 2022 i Molde: Norsk skisport har nulltoleranse for netthets og mobbing.
Nedenfor kan dere se Skitinget i opptak.
Sogn og Fjordane Skikrins Alpint og Sparebanken Vest har signert ei ny tre-årig samarbeidsavtale. Avtalen strekker seg ut 2024.
Foredrag med Anders Fannemel, Jubileum- og Talentpokal til Johannes Årdal, og innslag frå Skistyret og nytilsett skiklubbutviklar skjedde i tillegg til 3 Fagmøter på Skikrinsen sitt Vårmøte måndag 23. mai.
«Dagens» Distansekortet legges ned. Løsningen kan dessverre ikke brukes videre etter 31. mai.
Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer gledeleg velkomen til Sognefjellet Sommarskiskule 2022! Sommarskiskulen går over fem dagar, 20.-24. juni (måndag-fredag) på Sognefjellet og i Skjolden. Opent for påmelding.
Vestland Fylkeskommune, seksjon for idrett og friluftsliv, inviterer til digitalt kurs om spelemidlar knytt til anleggsutvikling for våre skiklubbar. Set av tysdag 24. mai kl. 20.00.
Styringsgruppa for Team Elon Vest har tatt ut ni utøvere for sesongen 2022-2023.
Etter ein flott vinter med mykje snø legg vi til rette for lokale skisamlingar alpint i starten av mai.
Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) tatt ut til enda ein sesong på Equinor Rekruttlandslag. Sjå heile uttaket til langrennslandslaga her.
Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2022 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett. Frist 1. mai.
Laurdag 23. april er det klart for NM i Fjelltelemark, og Kjeringi Open 2022. Syril IL invitera til ein flott dag med telemarkkøyring. Saka er oppdatert med resultat pr. 26.04
Vi har samlet en del nyttig informasjon som kan være til hjelp i arbeidet rundt samordnet rapportering i KlubbAdmin for våre skiklubber. Fristen for NSFs klubber er 30. april.
Grotlirenna 2022 blir avlyst. Laurdag 30. april og søndag 1. mai inviterer Stryn T&I Alpingruppa i samarbeid med Grotli Høyfjellshotell til Grotlirenna 2022. Laurdag er det SPV Super-G, og søndag er det klart for SPV KM Utfor.
For 52. gong ønskjer IL Bjørn velkommen til Bjønnarennet 14.april (skjærtorsdag). Bjønnarennet gjekk av stabelen i fantastike forhold denne torsdagen, resultatliste finn ein her.
Tradisjonen tru vart Even Hole Cup arrangert på Skjærtorsdag. Knappe 90 alpinistar deltok under strålande forhold på Utvikfjellet. Bilder og resultatlister.
Under utfordrande forhold vart Holmøyskarrennet 2022 gjennomført i ein 14 km lang trasé. Resultatlister kan ein lese her.
Trener for Team Elon Vest Eivind Arne Bjaaland fortsetter som trener i to nye år og ser frem til å sikre edelt metall for sine løpere
Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer velkommen til sommarskiskule og trenarkurs på Sognefjellet juni 2022. Sommarskiskulen er planlagt 20.-24. juni. Trenar 2-kurs langrenn 16.-18. juni og trenar 1-kurs langrenn 18.-19. juni!
Etter 2 år uten nasjonale konkurransar har det vore stor stas å kunne delta på Hovudlandsrennet og Telenorleikane igjen. Her er eit knippe bileter og resultatlister frå renna.
NorgesCup finalar junior og senior, og NM del II med NM para arrangeres på Lygna Skisenter 6.-9. april. Skikrinsen stiller med 8 løparar. Følg renna via Live Timing.
IL Veten inviterer til Nakkjen Ned 2022 ved Nordfjord Skisenter, Skjærtorsdag 14. april. Rennkontoret opnar kl. 10.00, Mini Nakkjen har start kl. 12.00, og Nakkjen Ned start kl. 14.00.
Andrine Mårstøl, Haugen IL, med to bronsemedaljar, Sindre Myklebust, Sogndal IL, med 8. plass i SSL, og mange gode plasseringar blant alpinistane frå Skikrinsen i NM Alpint i Narvik!
Laurdag 02. april hadde Hafslo IL Hopp avslutning for hoppleik ved Sogn Skisenter. Hoppleik har blitt flittig arrangert ved Sogn Skisenter ein gong i veka gjennom vinteren. Laurdag var det klart for avslutning og hoppleik med lengdemåling.
Norges Skiforbund Langrenn og Lygna Skisenter har gleden av å invitere til NM del 2, NM Para, Equinor Norgescup finaler for junior og senior, 06.-09. april.
Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, med gode resultat i NM randonee ved Myrkdalen Skisenter. Laurdag 26. mars vart det tredje plass i seniorklassen NM randonee sprint, og Søndag 27. mars tok han sigeren i juniorklassen NM randonee individuell.
Denne helga er det FIS renn på Trysil. I dei første fartsøvingane er det topp 10 plasseringar på Sindre Myklebust, Sogndal IL, og Elias Helle Felde, Breimsbygda IL, og i dagens Super-G renn blir Andrine Mårstøl, Haugen IL, nr. 3!
Melanie Hetkamp-Andersen er tilsett som skiklubbutviklar i Sogn og Fjordane Skikrins frå 1. mai.
Krødsherad Alpin, Norges Skiforbundet og Telenor ønskjer velkommen til Telenorlekene 2022, 24.-27. mars 2022 på Norefjell. Sogn og Fjordane Skikrins stiller med 7 utøvarar.
SSF Cupen Langrenn 2022 vart avslutta på Langeland søndag 20. mars. I ein noko utfordrande vinter har ein fått gjennomført alle 8 renna i SSF Cupen under fine skiforhold. Takk til alle arrangørar og takk for god innsats av alle dei aktive!