
God Jul og Godt Nyttår!
Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje alle utøvarar, trenarar, leiarar, føresette, og klubbar ei god jul og eit riktig godt nyttår!
Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje alle utøvarar, trenarar, leiarar, føresette, og klubbar ei god jul og eit riktig godt nyttår!
Torsdag 28. desember ønskjer Jølster IL alpint velkomne til julerennet 2023!
Denne helga startar FIS sesongen ute for mange av alpinistane i Skikrinsen. Det går fire renn på Geilo, storslalåm torsdag og fredag, slalåm laurdag og søndag. Ein kan følge renna via Livetiming.
4.-7. januar 2024 er det klart for den årlege fartssamlinga for alpinistane på Ål. Informasjon om Skikrinsen sitt opplegg og påmelding til samlinga er oppdatert pr. 1. desember.
Relevant for Ski-Norge: 7. desember 2023 kl. 13:00-14:00 inviterer Vestland Fylkeskommune, Vestland Idrettskrets og SIAT til webinar om snøproduksjon og snølagring.
Terminlista 2023/2024 for Sogn og Fjordane Skikrins alpint er klar. Det blir også denne sesongen mykje god aktivitet for alle aldersgrupper! Nytt for sesongen er SPV alpincuprenn i vekedagane.
Toppidrett - Voss gymnas inviterer alle født 2008 - 2009 til rekrutteringsdagar med alpint 17. - 18. januar. Sjå vedlagt invitasjon.
Skifamilien i Sogn og Fjordane Skikrins var samla på Hotel Alexandra laurdag 21. oktober for å markere 100 års jubileet til organisasjonen. Med nærare 100 deltakarar, festmiddag, utdeling av heidersutmerkingar, og gode historiar, vart dette ei verdig markering av Skikrinsen!
Laurdag 21. oktober er det klart for Sogn og Fjordane Skikrins sitt Haustmøte på Hotel Alexandra i Loen. Det blir også ei markering i samband med Skikrinsen sitt 100-års jubileum denne dagen. Informasjon er oppdatert pr. 12.10.
Laurdag 23. september er det klart for Fjord1 barmarksamling på Leikanger! Dette blir ein dag med variert og allsidig barmarkstrening for alle.
12.-15. september 2023 er det klart for Fjord1 skisamling på Juvass. Informasjon er oppdatert pr. 12.09.
Alpinkomiteen sin samlingsplan for hausten 2023 er oppdatert med barmarksamlingar og skisamling. Informasjon er oppdatert pr 04.09
Frist for inn-/ utmelding av FIS-lista alpint til sesongen 2023-2024 er onsdag 27. september 2023.
I samband med Skikrinstinget laurdag 3. juni 2023 vart det delt ut fleire prisar og heidersteikn.
Sindre Myklebust (Sogndal IL alpint) er tildelt Sparebanken Vest utøvarstipend for 2023.
Jorunn Åsfrid Røyrvik, Vik IL, vald som ny styreleiar på Skikrinstinget laurdag 3. juni i Førde.
I Sogn og Fjordane Skikrins sin samarbeidsavtale med Sparebanken Vest er det lagt til rette for å søke på utøvarstipend for utøvarar innan alpint frå Sogn og Fjordane.
Even Hole Cup gjekk av stabelen, i kjent stil, skjærtorsdag 6. april 2023. Elias Helle Felde og Sofie Rake med best tider i herre og dame klassen.
Skjærtorsdag, 6 april, blir det arrangert ei rekke tradisjonsrike skirenn i Skikrinsen; Bjønnarennet 2023, Even Hole Cup 2023, og Nakkjen Ned 2023!
Andrine Mårstøl med imponerande køyring i Trysil og tek NM sølv i både storslalåm og slalåm.
Hovudlandsrennet 2023 Alpint er denne sesongen lagt til Freidig Alpin og Vassfjellet Vinterpark 21.-26. mars! Informasjon og påmeldte utøvarar.
Søndag 26. mars vert det Fjord1 Young Attacking Vikings ved Sunnfjord Skisenter Blomlia! Det blir eit lågterskel arrangement for alle, med fokus på skiglede i artige løyper.
Som erstatning for avlyst KM SG og SC ved Harpefossen skisenter, vil Haugen Alpin legge opp til ei treningssamling 15.-16. april. Med atterhald om interesse frå klubbane og forhold.
Telenorleikane 2023 vart arrangert ved Skimore Wyller, 9.-12. mars, med Ready Alpint og Heming IL Alpint som arrangørar.
Fredag brakar det laus med FIS renn på Jølster. Det blir slalåmrenn for menn og kvinner både fredag 10. mars og laurdag 11. mars. Informasjon og påmeldingar.
Sogn og Fjordane Skikrins arrangerer Fjord1 Young Attacking Vikings i samarbeid med klubbar og skisenter. Det vart eit flott lågterskel arrangement ved Jølster Skisenter 25. februar.
Det blir dessverre ikkje SPV alpinrenn søndag 19. februar. For dei som ønskjer legg Sogndal Alpin opp til ein treningsdag i Hodlekve.
10.-12. februar hadde Sogndal alpin gleda av å invitere til rennhelg i Hodlekve med totalt fire renn, inkludert KM slalåm og storslalåm. Resultatlister kan ein lese her.
Vel gjennomført SL og SSL renn i sesongens første SPV Alpincup ved Jølster Skisenter søndag 22. januar. I tillegg var Skiklubbutviklar med og laga eiga løype for dei yngste i barnetrekket.
Sindre Myklebust avslutta FIS helga på Hafjell med 1. plass i slalåm. Det vart køyrt 3 FIS-renn denne helga. Frå krinsen deltok Sindre Myklebust, Eivind Stedje Hofslundsengen, og Elias Helle Felde.