SPV alpint Hodlekve
10.-12. februar hadde Sogndal alpin gleda av å invitere til rennhelg i Hodlekve med totalt fire renn, inkludert KM slalåm og storslalåm. Resultatlister kan ein lese her.
Resultatlister:
Resultat KM SSL Hodlekve 11.02.2023 Resultat SSL Hodlekve 11.02.2023
Resultat KM SL Hodlekve 12.02.2023 Resultat SL Hodlekve 12.02.2023
Frå tidlegare:
I 2023 feirar Sogn og Fjordane Skikrins 100 år, og dette ønskjer vi å markere med alpinthelg i Hodlekve 11.-12. februar. Alle store og små er velkommen til vere med på skirenn. Det skal vere Krinsmeisterskap, SPV renn, og barnerenn i barnetrekket, det blir lagt til rette for mykje skimoro og skileik, i tillegg blir det premiar, pizza, og brus til alle! Vi avsluttar laurdagen med skifilm laga av lokale skikøyrarar.
Dette blir bra! Vi håpar så mange som mogleg tek turen til Hodlekve denne helga.
Program (detaljert program ligg i innbydinga):
Fredag 10. feb: Det blir laga til ei treningssløype i Hodlekvetrekket frå kl. 18. Det blir ingen offisiell trening, men dei som ønskjer kan prøve seg i bakken.
Laurdag 11. feb: Storslalåm (alpincup og KM) og barnerenn i barnetrekket
Søndag 12. feb: Slalåm (alpincup og KM) og barnerenn i barnetrekket
*Det blir kåra krinsmeistarar i aldersklassar 13 år og eldre.
Påmelding:
Påmelding Laurdag 11. februar Påmelding søndag 12. februar
Overnatting:
I samband med alpinkomiteen sin samarbeidsavtale med Intersport Sogndal leiger vi "Intersporthytta" til ein rimeleg pris denne helga. Intersporthytta ligg sentralt plassert ved Sogndal Skisenter Hodlekve og har totalt 16 sengeplassar fordelt på 6 rom.
Det er "først til mølla"-prinsipp ved bestilling av overnatting. Men dei utøvarar i klassar U16 og U14 som ønskjer å delta både fredag, laurdag, og søndag blir prioritert.
Påmelding overnatting: gjer ein ved å sende fullt namn per e-post til kennet.dvergedal@skiforbundet.no, frist onsdag 8. februar kl. 23:59.
Pris overnatting: gratis
Transport:
Ved stor etterspørsel set vi opp buss frå Førde, via Jølster, til Hodlekve (laurdag morgon til og laurdag ettermiddag tilbake)