Hopp til innhold

Nasjonale renn Alpint

Reservasjon av innkvartering

Sogn og Fjordane Skikrins reserverar eit stipulert tal overnattingsplassar i samband med utvalde meisterskap i alpint.

Det er reservert overnatting samla for heile krinsen (løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette) slik at vi oppnår gunstige prisar, samstundes er det positivt at alle frå krinsen bur samla.

Bestillingsfristar, avbestillingsfristar og øvrige rammevilkår blir sett av kvar einskild overnattingsverksemd.

Merk at alle bestillingar er bindande. Ved forfall må løpar/ føresett nytte seg av eiga reiseforsikring ved eventuell refusjon.

Ved hotell o.l. skjer oppgjeret direkte mellom overnattingsstaden og utøvaren evt. etter nærare avtale.

Påmelding
Påmelding til dei ulike arrangementa skjer gjennom krinskontoret, til kennet.dvergedal@skiforbundet.no 

Startkontingenten i samband med FIS-renn er for sesongen 2023-2024 kr. 310,- pr. renn.

Kontingenten vert forskottert av skikrinsen, deretter vert kvar einskild utøvar fakturert ved slutten av sesongen. Elles får samtlege FIS-løparar i Sogn og Fjordane dekka startkontingent ifbm. fem FIS-renn pr. sesong.

Ver elles merksam på at alpinkomiteen dekkjer startkontingenten ifbm. NM, jr. NM, Hovudlandsrenn og Landsfinale/ Telenorleikane.

Detaljinformasjon om dei ulike arrangementa for 2023-2024 vert oppdatert i menyen til venstre når dette er klart.

Kvalifiseringsreglar HL/ LF

Puljeplassering til Landsfinale (Telenorleikane) og Hovudlandsrennet skal gjennomførast av krinstrenar og vedtakast i alpinkomiteen.

Det er i utgangspunktet samanlagt poengsum i kvar disiplin som avgjer puljeplassering. Det skal i tillegg nyttast skjønn av krinstrenar i puljeplasseringa ettersom kvalifiseringsreglene ikkje kan ta høgde for alle utslagsgivande faktorar.

Faktorar som særleg skal vektleggast i skjønnsmessig vurdering puljeplassering er; skade, sjukdom, tidsdifferanse og mangel på gjennomførte puljeplasseringsrenn. 

Poengfordeling i renn med manglande deltaking frå enkeltutøvarar, som med rimelegheit kan forventast at ville endra poengfordeling til vurderte utøvarar, skal også evaluerast. 

Meir informasjon om rennomgangar og poenggrenser finn ein i menyen til venstre. 

NIF-EPI02, 02