Hopp til innhold

Sindre Myklebust (Sogndal IL) tok i mot stipendet ved Skikrinstinget 2023 i Førde.

Sparebanken Vest utøvarstipend

Sindre Myklebust (Sogndal IL alpint) er tildelt Sparebanken Vest utøvarstipend for 2023.

I samband med Skikrinstinget laurdag 3. juni i Førde vart Sindre Myklebust tildelt Sparebanken Vest sitt utøvarstipend for 2023. Utøvarstøtta er tildelt frå Sparebanken Vest i samarbeid med alpinkomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins. Det var lagt til rette for at alle alpinistar kunne søke. 

Sindre er ein av fleire lovande alpinistar frå Skikrinsen, og vart tildelt utøvarstipendet i år basert på gode haldningar og gode prestasjonar dei siste sesongane. M.a. har Sindre delteke i Ungdoms-OL, junior VM, og EuropaCup (nivået under verdenscup). Han har topp 5. plassering frå senior NM i storslalåm, og fleire sigarar i FIS renn. Sindre jobbar målbevisst, er eit førebilete og bidreg med å motivere yngre alpinistar frå Sogn og Fjordane Skikrins. Det blir spennande å følgje Sindre i åra framover. 

Vidare vil Skikrinsen takke vår gode samarbeidspartnar Sparebanken Vest for godt samarbeid og god støtte til våre lokale alpinistar. 

NIF-EPI02, 02