Hopp til innhold

Fjord1 Young Attacking Vikings 2023

Sogn og Fjordane Skikrins arrangerer Fjord1 Young Attacking Vikings i samarbeid med klubbar og skisenter. Det vart eit flott lågterskel arrangement ved Jølster Skisenter 25. februar.

Fjord1 Young Attacking Vikings er eit lågterskel arrangement med fokus på skiglede i artige og spennande løyper. Det vert gjennomført i uformelle rammer der ein får prøve ulike aktivitetar innan alpint, m.a. paralellslalåm og skicross. 

Arrangementet er ope for alle på alle nivå, med spesielt fokus på born og ungdom. Det er ingen påmelding til arrangementet.

Fjord1 YAV Jølster:
Sogn og Fjordane Skikrins i samarbeid med Jølster IL alpin og Jølster Skisenter, inviterer til Fjord1 Young Attacking Vikings laurdag 25. februar kl. 12:00. 

Tidspunkt: Laurdag 25. februar frå kl. 12.00-14.00 
Stad: Haugaland heisen, Jølster Skisenter 
Registrering ved Haugaland heisen 

NIF-EPI01, 01