Hopp til innhold

SPV Alpincup

Det blir dessverre ikkje SPV alpinrenn søndag 19. februar. For dei som ønskjer legg Sogndal Alpin opp til ein treningsdag i Hodlekve.

Det vart dessverre for krevjande å få på plass ny arrangør til alpinrenn søndag 19. februar. Men Sogndal Alpin inviterer til treningssamling søndag 19. februar, løype står klar frå kl. 11:00. 

Frå tidlegare:

Førde Alpin ønskjer velkommen til slalåmrenn og storslalåmrenn i Blomlia søndag 19. februar. I tillegg blir det barnerenn for dei yngste i barnetrekket kl. 12:00.

Førebels program søndag 19. februar (sjå innbyding for detaljert tidsplan): 

Kl. 10:00 Storslalåm
Kl. 12:00 Barnerenn for dei yngste
Kl. 14:00 Slalåm

Det blir barnerenn i barnetrekket med mykje skileik og premiering til alle! Påmelding til barnerennet gjer ein ved oppmøte i varmestova same dagen. 

Påmelding SPV Alpincup Førde

Innbyding SPV Alpincup Førde

nif-epi04, 04