
Bulken IL arrangerte sprintrenn
Det vart ein flott søndag i Dalane for dei 120 deltakarane under Bulkensprinten. Det var første gong at Bulken IL inviterte til kretsrenn i sprint i anlegget, noko arrangøren gjorde på ein framifrå måte.
Fra | Til | Arr. navn | Arrangør | Gren | Krets | Live |
---|---|---|---|---|---|---|
Fra 10.02.2023 | Til 12.02.2023 | Arr. navn Equinor NC junior, Voss | Arrangør Voss IL | Gren Langrenn | Krets Hordaland Skikrets |
Live
|
Fra 11.02.2023 | Til 12.02.2023 | Arr. navn Kretsmesterskap 2023 | Arrangør Fana IL | Gren Alpint | Krets Hordaland Skikrets |
Live
|
Fra 18.02.2023 | Til 18.02.2023 | Arr. navn Vikingrennet | Arrangør Viking, TIF | Gren Langrenn | Krets Hordaland Skikrets |
Live
|
Fra 19.02.2023 | Til 19.02.2023 | Arr. navn Fanarennet 2023 | Arrangør Fana IL | Gren Langrenn | Krets Hordaland Skikrets |
Live
|
Fra 26.02.2023 | Til 26.02.2023 | Arr. navn Vargarrennet 2023 | Arrangør Vargar IL | Gren Langrenn | Krets Hordaland Skikrets |
Live
|
Det vart ein flott søndag i Dalane for dei 120 deltakarane under Bulkensprinten. Det var første gong at Bulken IL inviterte til kretsrenn i sprint i anlegget, noko arrangøren gjorde på ein framifrå måte.
Gullfjell IL laga til ein flott konkurranse i anlegget på Gullbotn søndag 5. februar. Hopprenn etterfulgt av kombinert vart arrangert og glade deltakarar og ein dyktig speaker skapa god stemning i anlegget.
Sjå oppdatert poengstilling i kretscupen langrenn og oversikt over deltaking for mini-kretscupen i aldersgruppa 8 - 12 år. 5 kretsrenn gjev deltakarpremie for desse.
Telenorlekene er rett rundt hjørnet og me i Hordaland skikrets gledar oss til kjekke dagar i Wyller og Oslo 9. - 12. mars. Nå kan de melde på fellesopplegget vårt og reservere overnatting på Scandic Fornebu.
Søndag 5. februar inviterer Bulken IL til sprint i den flotte løypa på Dalane. Dette er vår einaste individuelle sprint på årets terminliste. Ei perfekt opplading for dei som skal på hovedlandsrennet og for juniorane som skal gå NC på Voss neste helg.
Når snøen nok ein gong er i anmarsj rundt Bergen, så er det gledeleg at Gullfjell IL til helga inviterer til Hopp- og kombinertrenn på Gullbotn søndag 5. februar.
Samnanger IL laga til eit Kretsmeisterskap som stod til 10 i stil. Alt i frå trasear, renncafe, skileikområde, tidtaking og speakerteneste var framifrå. Det vart ein slik dag dei over 200 deltakarane håpa på denne laurdagen i Totræna skianlegg. Søndagens renn vart avlyst grunna store nedbørsmengder utover natta og morgontimane, men laurdagens renn vog opp for den skuffelsen.
Laurdag og søndag 28. og 29. januar arrangerte Voss alpin det årlege Bavallsrennet. Deltakarar frå Hordaland, Sogn og fjordane og Agder og Rogland fekk glede av alpintrennet arrangørane laga til i det flotte anlegget. Det var ca 90 deltakarar totalt som var med på helgas renn.
Set av helga til Bavallsrennet i alpint. Utøvarar frå nabokretsane Sogn og Fjordane og Agder og Rogaland er også hjarteleg velkomne til Voss. Det vert slalåm laurdag og storslalåm søndag. Laurdagen går det rekruttrenn på myra. Meld på!
Til helga inviterer Samnanger IL til KM i langrenn på Totræna. Friteknikk laurdag og klassisk søndag. Eige skileikområde for dei yngste. Skikretsen har felles smøreopplegg opp til 16 år under laurdagens friteknikkrenn.
Søndagens Ulvikasprint gjekk under strålande forhold på Drevtjørn. Arrangøren Ulvik IL laga til ein flott teamsprint for dei tilreisande. Sjå resultat og flott videoreportasje.
I rekka av internasjonal deltakelse føyer Lauritz Kettermann frå Ørnar IL seg inn. Han er teken ut til talentcamp og internasjonalt renn i Whistler. Samstundes startar Hans Grahl Madsen opp med renn i Junior VM og søstrene Madeleine og Pia Sylvester-Davik startar straks i Ungdoms OL. Følg våre utøvarar som representerer Norge framover.
Laurdag 21. januar går kretsens fyrste hopp og kombinertrenn for sesongen på Framnes. Her er det mange ulike størrelsar på hoppbakkane, som gjer at det er noko som passar for alle. Kombikross i den morosame løypa med svingar og kular vert arrangert i tillegg. Meld på!
Søndag 22. januar inviterer Ulvik IL til parvis sprintstafett. Ikkje gå glipp av verken parstafetten eller det flotte anlegget. Påmeldingsfrist torsdag 19. januar. Klubbvis påmelding.
Det var strålande deltaking og flotte arrangement idrettslaga Viljar og Ørnar inviterte til i helga. Laurdagen vart Viljarrennet i klassisk teknikk arrangert. Søndag laga Ørnar stafettmoro for dei tilreisande.
Del II av trenerkurset i langrenn går helga 4. og 5. februar. For dei som ikkje var med på fyrste del i september, men som har lyst å gå trenerkurs, så går det heilt fint å starte opp med dette delkurset.
Flere hundre barn fikk prøve seg i Skisprell-løypene i Ankerskogen, Hamar under helgas NRKs superlørdag. Her kan dere se sendingene i reprise.
Tysdag 24. januar inviterer me til utprøving og treningsøkt på Voss ski- og tursenter for dei som ynskjer å prøve parapigging. Oppstart kl. 1630. Me har utprøving av utstyr, ei god treningsøkt, før me avsluttar med pizza på arenahuset. Sjå invitasjon og meld på!
Laurdag 14. januar kl. 12. inviterer Eldar IL alle hoppinteresserte til åpen hoppsamling på Framnes. Trening i alle bakkar frå kl. 12. Størrelsen på bakkane er frå K5 til K55.
Til helga inviterer Viljar IL til langrenn i klassisk teknikk laurdag og søndag inviterer IL Ørnar til Ørnarstafetten. Her er det muleg for dei som ikkje har lag til å mikse med deltakarar frå andre klubbar.