Hopp til innhold

Kretscupen i langrenn Hordaland

Langrennskomiteen i Hordaland skikrets har også i år lagt til rette for kretscup i langrenn. Kretscupen gjev eit tilbod til alle frå 8 - 20 år. Sjå meir om cupen og kva renn som inngår.

I samarbeid med Recover vert det også i år kretscup, som følgjer oss til finale i mars.

Kretscupen med poengstilling gjeld i årsklassane frå 13 år til og med 19/20 år, jenter og gutar. Dei som er yngre enn 13 år kan også i år delta i kretscupen. Her vert antalet startar i kretsrenn som inngår i kretscupen registrert og dei som fullfører 5 renn får ein kjekk "fullført kretscupen-premie" frå Skikretsen.

Poengsystemet:
Me nyttar same system som Verdscupen i langrenn, med følgande poengfordeling:  

Plassering

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

14

15

16

17

18

19

20

Poeng

100

95

90

85

80

75

72

69

66

63

60

58

56

54

52

50

48

46

44

42

Teljande renn

For dei opp til 13 år, så gir 5 startar i kretscuprenn ein fullførd kretscup-premie og er med i konkurransen om uttrekkspremiar. (urangert)

For 13 – 16 år gjeld dei 8 beste resultata + finalen samanlagt. Tour de Hardanger gjev doble poeng og baserer seg på samanlagtlista. Det er ikkje doble poeng i finalen.

For 17 – 20 åringane gjeld dei 5 beste renna pluss finalen som poenggrunnlaget for cupen.

Premiering
Det vert premiering i årets kretscup samanlagt frå Hordaland skikrets. Premieringa skjer etter finalen med uttrekkspremiar i tillegg. 

 Gul trøye

For aldersgruppa 15 – 20 år vert det gul leiartrøye i cupen. 

 Desse renna inngår i årets kretscup: 

Dato Arrangement Øvelsar Arrangør
Lør 30. des Røldalsrennet Langrenn klassisk Røldal IL
Søn 7. jan Vargarrennet Langrenn friteknikk Vargar IL
Lør 27. jan KM Hordaland klassisk Langrenn klassisk Samnanger IL
Søn 28. jan KM Hordaland friteknikk lang Langrenn friteknikk lang TIF Viking
Søn 4. feb Viljarrennet Langrenn klassisk Viljar IL
Lør 10. feb Vestlandsmeisterskap Korlevollrennet Langrenn friteknikk IL Korlevoll - Odda 
Søn 11. feb Vestlandsmeisterskap Langrenn klassisk Røldal IL
Søn 18. feb Fanarennet  Langrenn klassisk  Fana IL
Lør 24. feb Bulkasprinten Sprint Friteknikk Bulken IL
Søn 25. feb Ulvikarennet Langrenn friteknikk Ulvik IL
Lør 16. mars Parkrennet  Klassisk Voss IL
Søn 17. mars Vestlandske Skistemna Fri - duatlon frå 13år Voss IL

Hovudsponsor:

                                                      

 

nif-epi04, 04