Påmelding fellesopplegg langrenn - nasjonale renn
For dei som skal vere med på nasjonale renn i juniorklassen, eller gå hovedlandsrenn, så melder de dykk på felles skjema for våre reiser komande vinter. Gjeld både støtteapparat og løparar. Frist 1. desember.
Oversikt over nasjonale renn der skikretsen organiserer felles støtteapparat og overnatting:
Oversikt felles reiser - nasjonale renn - Hordaland skikrets 23-24
Påmeldinga er ikkje bindande, men dannar utgangspunkt for våre reservasjonar o.l. Dei som er førehandspåmeldte vil få muligheten til å melde seg av - på avtalt tidspunkt for kvart arrangement (avheng av avbestillingsfristar på dei ulike overnattingsstadane). Dette oppdaterast undervegs for kvart arrangement.
Om ein melder i frå om at ein ikkje kan vere med på eit renn etter fristane me set opp, så vil me prøve å avbestille og få dette kostnadsfrist, men det er ikkje noko selvfølgje at det går. Difor er er det lurt å følgje opp reiseforsikring og krava der, om ein skulle verte sjuk, eller anna skulle kome i vegen for å vere med på reisa.
Frist for påmelding til fellesreisene og felles opplegget er 1. desember.
Påmelding fellesreiser langrenn 2024 - jr. og hlrenn
For Hovedlandsrennet, Junior NM langrenn og Kong Haralds ungdomsstafett vert det stafettuttak for skikretsen. Sjå uttakskriteriar utarbeida av langrennskomiteen Hordaland skikrets.