Hopp til innhold

Anne Lise Leiren Mastervik gledar seg stort til å treffe alle friviljuge og aktive i vår skikrets. Kanskje er det noko de i eigen klubb kunne trengt bidrag til?

Skiklubbutvikler Anne Lise er klar

Velkommen til Anne Lise Leiren Mastervik - vår nye skiklubbutviklar i Hordaland.

Hordaland skikrets er glade for å ha fått ein ny kollega i 50% stilling som skiklubbutviklar for klubbane i hordaland. Anne Lise Leiren Mastervik starta i stillinga mandag 5. september og gledar seg til å verte meir kjent med klubbane og dei aktive i skikretsen. Stillinga går inn i den Nasjonale satsinga på breidde og rekruttering og skal bidra innanfor rekrutteringstiltak, anlegg, trenarutdanning og klubbutvikling i vår skikrets.   

Anne Lise ein allsidig idrettsleg bakgrunn med langrenn i oppveksten og verv i klubb som trenar og tillitsvald i fleire idrettar i vaksen alder. Yrkeserfaring omfattar sal, marknadsføring og undervisning. Anne Lise kjem opprinneleg frå Stamnes og bur nå med familie i Arna. 

Anne Lise brenn for allsidig aktivitet og gledar seg til å ta fatt på arbeidet med klubbane i skikretsen. 

Ta gjerne kontakt med Anne Lise direkte. Ho set særleg pris på innspel frå klubbane rundt kva bidrag som kunne vore ynskjeleg i eigen klubb. 

Kontakt:

Anne Lise Leiren Mastervik

Telefon: 48197024

Mail: anne.lise.leiren.mastervik@skiforbundet.no  

NIF-EPI01, 01