Hopp til innhold

Kalendar: 

Fra Til Tittel
Fra 10.01.2024 18:00 Til 20.03.2024 18:00 Tittel SKISPRELL KALENDAR 2024
Fra 09.05.2024 12:00 Til 12.05.2024 12:00 Tittel Skisamling alpint - Myrkdalen
Fra 24.06.2024 18:00 Til 28.06.2024 17:00 Tittel Sognefjellet Sommarskiskule 2024

Nyheter

God Jul og Godt Nyttår!

Sogn og Fjordane Skikrins vil med dette ønskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!

Ribberennet 2022

Måndag 26. desember 2022 arrangerte Førde Langrenn det tradisjonsrike Ribberennet v/ Langeland Skisenter. Resultatliste kan ein lese her.

SSF Cup førjulsrenn

SSF Cup nr. 1 som var terminfesta i Hodlekve blir flytta til Ullsheim laurdag 17. desember. Markane IL inviterar til førjulsrennet 2022. Resultat og oppdatert SSF Cup samanlagt.

Bjønnastarten 2022 Avlyst

Søndag 11. desember er det terminfesta sesongopning langrenn og Bjønnastarten 2022. Grunna lite snø blir rennet avlyst i år.

Skisprell for ski-Norge

Norges Skiforbund med kretser og klubber inviterer til skisprell-aktivitet i hele Ski-Norge med kick off uke 7.–15. januar. Vi tilrettelegger for enda mer skiglede ved å skape gode rammer og inspirerende og sosial aktivitet.

Terminlista 2022/2023 alpint

Terminlista 2022/2023 for Sogn og Fjordane Skikrins alpint er klar som pdf-format. Elektronisk terminliste blir oppdatert fortløpande.

Stor interesse for Telenor Karusellen

Telenor Karusellen arrangeres for 17. gang i vinter, og påmelding for klubber/arrangører er fortsatt åpen. Nå kan dere se karusellens nye video foran årets sesong!

Sesongopning langrenn Beitostprinten

Det er klart for sesongopning langrenn på Beitostølen. Fem løparar frå Skikrinsen skal gå. Renna kan du sjå direkte på NRK eller på NRK nett-tv.

Ukas Økt

Treng skigruppa di inspirasjon til barmarkstreningane i haust? Skiforbundet lagar ei serie framover med "ukas økt" der det blir publisert ei ny økt kvar veke. "Ukas økt" veke 46

Haustmøte 2022

Laurdag 5. november vart Haustmøta til Skikrinsen gjennomført ved Idrettens Møteplass på Sandane.

Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane

I forbindelse med Haustmøte til Skikrinsen, vart langrennskomiteen overraska med ei gåve på kr. 50 000,-. Gåva er gitt for vidare utvikling av langrennssporten i Skikrinsen.

NM normalbakke Midtstuen

Laurdag 29. oktober vart det hoppa om kongepokal i Midtstuen. Anders Fannemel, Hornindal IL, vart nr. 7, og Johannes Årdal, Jølster IL, vart nr. 18.

Sesongoppkøyring i Chile

I desse dagar er Jørgen Aarøen Taklo, Jølster IL, på veg heim frå ein månads langt treningsopphald i Chile. Her har han trent og køyrt konkurransar i unike fasilitetar for å bli best mogleg til vinteren.

Juvass Samling

13.-16. oktober hadde Skikrinsen alpintsamling på Juvassbreen. Det vart 4 flotte dagar på ski med sol, snø, vind, og skodde.

Olympiatoppen Vest

Olympiatoppen Vest invirerar alle trenarar og foreldre/ føresette til fordrag; trenar-, forelder-, og utøvarrelasjon, ved Thon Hotell Jølster, 1. november 2022.

Erdal Sport Førde

Tysdag 18. oktober kl. 16.00 kjem representant frå Fischer Ski til Intersport Førde. Her kan ein møte opp og få mange gode tips til kjøp og prepping av langrennsski før sesongen.

Enivest Rulleskirenn

I samband med Enivest Skiskule med Gjøran Tefre, inviterar Førde IL og Gaular IL til Enivest rulleskirenn v/ Langeland Skisenter søndag 9. oktober 2022. Resultatlister kan ein lese her.

Enivest Skiskule 2022

Gjøran Tefre og Førde IL Langrenn, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, ønskjer 24 unge utøvarar velkomne til Enivest Skiskule i Førde 7.-9. oktober. Skiskulen er for utøvarar født mellom 2007-2011.

Tilskot langrenns- og turlangrennsløyper

Vestland fylkeskommune har etablert ei søknadsbasert driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Tilskotet skal stimulere til hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon.

Kontakt Skiklubbutviklar

Bestill skiklubbutviklar, Melanie Hetkamp-Andersen, til klubben din. Ho kan bidra med råd og vegledning i breidde- og rekrutteringsarbeid. Ta kontakt, Melanie kjem gjerne på besøk!

Stafett for livet

Det vart ei flott barmarksamling i Førde. Skikrinsen hadde fleire utøvarar som deltok på stafettlaget til Olaf Betten i stafett for livet Dei fekk ei god treningsøkt samtidig som dei støtta ein god sak. Til saman samla Skikrinsen inn 2000kr i samband med Stafett for Livet Førde!

FIS liste Langrenn 2022-2023

Det er tid for FIS liste inn- og utmelding for komande sesong. Alle utøvarar som skal gå FIS-renn, Norges Cup og NM skal stå på lista. Alle som ikkje skal stå på lista må melde seg ut. Ta utgangspunkt i vedlagt liste, frist for inn/ut melding 28 september.

Miljøsamling Langeland

Laurdag 17. september 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Miljøsamling for born og ungdom f. 2007-2012. For aldersgruppe 2010 og eldre vert det invitert til rulleskirenn kl. 15.15.

Skisamlingar på Juvass

Sogn og Fjordane Skikrins invitera til Fjord1 samlingar på snø på Juvassbreen 30.-september til 2. oktober, og 13. oktober til 16. oktober. Informasjon og påmelding.

Toppidrettsveka 2022

Torje Seljeset, Markane IL, nr. 7 på 10km kombinert, og Gjøran Tefre, Førde IL, nr. 9 på jaktstarten. Sjå alle resultata frå toppidrettsveka her.

Miljøsamlingar 2022

Sogn og Fjordane Skikrins, i samarbeid med dyktige skiklubbar, arrangerer barmarksamlingar for alle i aldersgruppa 11-15 år. Her ligg ein oversikt over barmarksamlingar med innbyding og påmelding.

Miljøsamling Ullsheim

2.-4. september inviterer Markane IL, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, til langrennssamling for jenter og gutar f. 2007-2011 på Ullsheim.

Toppidrettsgymnas

Leikar du med tanken om å byrje på Toppidrettsgymnas? Her finn du informasjon om rekrutteringssamlingar.

Blink 2022

Gjøran Tefre, Førde IL, imponerte i Sandnes med 3. plass i sprint og 4. plass på 15km, og var beste norske begge dagar! Les alt om Blink 2022 her.

Samlingsplan alpint

Samlingsplan for hausten 2022 er oppdatert med barmarksamlingar og skisamlingar. Rele Felde held fram som hovudtrenar i alpint og vil halde dei fleste treningane.

God sommar!

Skikrinsen ønskjer alle ein god sommar og minner om at krinskontoret er feriestengt i perioden 04.-29. juli.

Freeski Jentecamp Sogndal

Sogndal IL i samarbeid med NSF Freeski invitera til Freeski Jentecamp på Vesterland, Kaupanger, søndag 28. august. Dette blir ein dag med barmarkstrening, trampoline og leik. Campen er for jenter opp til 15 år. Program og påmelding.

se flere nyheter Vis alle nyheter
NIF-EPI02, 02