
Sognefjellet Sommarskiskule
SOGN OG FJORDANE SKIKRINS ØNSKJER GLEDELEG VELKOMEN TIL SOGNEFJELLET SOMMARSKISKULE 2023. Informasjon og program under er med atterhald om endringar. Oppdatert pr. 02.05.23
Sommarskiskulen går over fem dagar, 26.-30. juni (måndag-fredag) på Sognefjellet og i Skjolden.
Sommarskiskulen er for aldersgruppa 11-16 år (født f.o.m. 2012-2007).
Det blir lagt opp til skiøkter ved Sognefjellet Sommarskisenter tre av dagane i lag med kvalifiserte trenarar, og elles anna kjekk aktivitet og trening i Skjolden. Tenkt vekeplan blir sjåande ut slik:
- Vekeplan Sognefjellet Sommarskiskule 2023 (med atterhald om endringar)
Oppmøte/avreise:
Oppmøte måndag 26. juni ved Fjordstova i Skjolden. Sommarskiskulen er ferdig fredag 30. juni ved Fjordstova i Skjolden.
Innkvartering:
Alle deltakarane vert innkvartert ved Fjordstova.
Her blir det overnatting på flatseng, alle må ha med madrass/liggeunderlag, sengetøy og handdukar. På Fjordstova er det basseng, klatrevegg, fotballbane og sandvolleyballbane.
I samband med innkvarteringa vil det vere tilstades kvalifiserte vaksne heile døgnet.
Måltider:
4 måltider inngår i Sommarskiskulen kvar dag (frukost, lunsj, middag og kveldsmat).
Deltakaravgift:
Kr. 4 000,-
(inkluderar 4 daglege måltider og alle aktivitetar, transport t/r Sognefjellet, lommepengar er kun nødvendig til evt. kioskvarer).
For familiar med fleire enn to deltakarar blir det halv deltakaravgift frå nr. 3.
Påmelde deltakarar vert tilsendt detaljert informasjon etter påmeldingsfristen og faktura for deltakaravgift.
Påmelding:
Påmelding gjer ein i lenka, innan søndag 4. juni kl. 23.59;
Påmelding Sognefjellet Sommarskiskule 2023
Informasjon om Sognefjellet Sommarskisenter.
Kontaktinformasjon
Kennet Dvergedal, adm. Sogn og Fjordane Skikrins
Tlf. nr. 40 63 69 64
E-post; kennet.dvergedal@skiforbundet.no
Velkommen til Sognefjellet og Skjolden!