Hopp til innhold

Hordaland Skikrets

  

Terminlister (5 neste renn)

Fra Til Arr. navn Arrangør Gren Krets Live
Fra 18.12.2022 Til 18.12.2022 Arr. navn Sparebankrennet Arrangør Voss IL Gren Langrenn Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 26.12.2022 Til 26.12.2022 Arr. navn Jularennet 2022 Arrangør IL Korlevoll - Odda Gren Langrenn Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 07.01.2023 Til 07.01.2023 Arr. navn Røldalsrennet 2023 Arrangør Røldal IL Gren Langrenn Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 14.01.2023 Til 14.01.2023 Arr. navn Viljarrennet Arrangør Viljar, IL Gren Langrenn Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 15.01.2023 Til 15.01.2023 Arr. navn Ørnarstafetten Arrangør Ørnar IL Gren Langrenn Krets Hordaland Skikrets Live

Nyheter

Rekrutteringsdagar Toppidrett Voss gymnas alpint

Toppidrett - Voss Gymnas ynskjer alpinistar fødd i 2007 og 2008 velkomne til rekrutteringssamling på Voss måndag 16, og tysdag 17 januar 2023. Utøvarar frå Sogn og fjordane og Agder og Rogaland er også hjarteleg velkomne.

Sjur Røthe tilbake i toppen under WC Lillehammer

Sjur Røthe frå Voss slo til med 2. plass under WC på Lillehammer. Det var på 20 km fellesstart klassisk at Vossingen fekk vist at han er å rekne med i toppen. Dette lovar godt for fortsetjinga med nye renn i verdscupen og forhåpentligvis VM seinare i sesongen.

Hans Inge Klette til topps i NM og NC

Hans Inge Klette Viljar IL starta den Nasjonale opninga i randonee på best moglege måte med siger på både laurdagens NM i sprint og søndagens NC individuell på Bjorli. Me er heldige som har eit slikt førebilete i vår skikrets og kan allereie gratulere med sesongens fyrste Norgesmeister!

Skisprell for ski-Norge

Norges Skiforbund med kretser og klubber inviterer til skisprell-aktivitet i hele Ski-Norge med kick off uke 7.–15. januar. Vi tilrettelegger for enda mer skiglede ved å skape gode rammer og inspirerende og sosial aktivitet.

Kretscup i langrenn

Hordaland sine kretsrenn i langrenn har også i år kretscup. Sjå informasjon med nyvinningane til langrennskomiteen. Nytt av året er både gjennomført kretscupen premiar for dei under 13 år og gul trøye for 15 år og eldre.

Stor interesse for Telenor Karusellen

Telenor Karusellen arrangeres for 17. gang i vinter, og påmelding for klubber/arrangører er fortsatt åpen. Nå kan dere se karusellens nye video foran årets sesong!

Åpen fellessamling 2. des Voss - barmark

Invitasjon til åpen samling med trening på Voss gymnas 2. desember. Aktive og rekruttar i alle skigreiner er velkomen. Innhald er allsidig trening føre vinterens skiaktivitet.

Terminliste alpint Hordaland 2022-23

Sjå oppdatert terminliste alpint for Hordaland skikrets sesongen 2022-23. Inkluderer også nasjonale og regionale renn som er aktuelle for skikretsen.

Overnatting og fellesopplegg nasjonale renn

Dei nasjonale renna i langrenn nærmar seg. Meld dykk på for overnatting og deltaking på fellesopplegg rundt desse. Skikretsen organiserer overnatting, smørjeopplegg, overnatting og støtteapparat for hovedlandsrennet og nasjonale junior - og seniorrenn. Informasjonsskjema og påmeldingslenkje.

Moro på Stord under kretssamling langrenn

I helga var det kretssamling i langrenn for 11 - 13 åringar på Stord. Arrangørklubben Stord laga ei flott samling for deltakarane. Sjå bilete frå den allsidige samlinga som hadde leik og agilty på rulleski, terrengløp, styrketrening og langtur på rulleski frå sjøen og opp til toppen av Skjerpatrappene til avslutning. Overnatting på Nordbygdo ungdomskule var moro, med pizzakveld og Maskorama.

Kretssamling i Bergen

Velkomne til kretssamling i langrenn i Bergen med overnatting på Stend VGS. Samlinga er for utøvarar fødd i 2007 og 2008. Meld på i påmeldingslenkje. Program oppdatert. For dei som tek tog, vert det organsiert henting.

Kretssamling i langrenn på Stord

Laurdag 29. - søndag 30. oktober inviterer skikretsen og Stord IL til kretssamling i langrenn for aldersgruppa 2009 - 2012. Sjå invitasjon med program og ikkje nøl med å meld på!

Inspirerande dagsamling

Det vart ein innhaldsrik og aktiv dag for deltakarane på dagsamling i paralangrenn i Bergen. Anne Ragnhild Kroken frå Para NSF og dyktige instruktørar sørga for eit godt innhald. Deltakarane sørga for pågangsmot og glede.

Hopp- og kombinertsamling

Fredag 7. oktober inviterer Hopp- og kombinertkomiteen til samling på Voss gymnas. Her vert det barmarkstrening i turnhallen. Sjå invitasjon og meld dykk på!

Vel gjennomført kretssamling på Voss

Vossalangrenn og skikretsen inviterte i helga til kretssamling for juniorar og 15-16 åringar. Det vart ei allsidig og kjekk samling, som vart avslutta med rulleskirenn på Voss- ski og tursenter. Voss gymnas inviterte våre 15-16 åringar med på eit ekstra samlingsdøgn med omvisining og ekstra treningsøkter. Sjå bilete frå samlinga og resultat frå søndagens rulleskirenn som Voss IL arrangerte.

Haustmøte Hordaland skikrets

Tysdag 4. oktober kl. 18 inviterer Hordaland skikrets til haustmøte på Brann stadion - Idrettens hus. Fellesdel med informasjon etterfulgt av greinmøter.

Spelemiddelkurs for skianlegg

Hordaland skikrets og Sogn og Fjordane skikrins ynskjer velkomne til eit nytt kurs om spelemiddelordningar som gjeld skianlegg. Webinaret går torsdag 6. oktober kl 1930 - 2100

Tilskot langrenns- og turlangrennsløyper

Vestland fylkeskommune har etablert ei søknadsbasert driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Tilskotet skal stimulere til hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon.

se flere nyheter Vis alle nyheter
NIF-EPI01, 01