Hopp til innhold

Hopp/Kombinert Hordaland Skikrets

Aktuelt

Webinar Snøproduksjon og Snølagring

Relevant for Ski-Norge: 7. desember 2023 kl. 13:00-14:00 inviterer Vestland Fylkeskommune, Vestland Idrettskrets og SIAT til webinar om snøproduksjon og snølagring.

Hopprenn og haustmøte i hopp

Komande søndag 22. oktober frå kl. 13 vert det både hopprenn og haustmøte i hopp- og kombinert på Gullbotn. For barn som har lyst å prøve hopping i dei flotte plastbakkane og for foreldre som er nysgjerrig, så er de hjartleg velkomne til Gullbotn.

Haustmøte Hordaland skikrets

Velkomne til Scandic Voss tysdag 3. oktober frå 18.00 - 21.00. Møtet består av ein felles del fyrste timen før greinmøtene går dei siste to timane. Saka oppdaterast med program og informasjon. Meld på nå!

Haustcamp i Strandebarm 15. - 17. september

Me inviterer til Haustcamp i alle skigreiner fredag 15. - søndag 17. september i Strandebarm. Campen er for alle født mellom 2010 og 2012. Innhaldet på aktiviteten er allsidig trening med noko greinspesifikt. Sjå program og meld på. Informasjon oppdaterast.

Kretsting og vårmøter i grein

Laurdag 3. juni gjennomfører Hordaland skikrets Kretsting med vår-fagmøter i grein. Sjå innkalling og informasjon om nominering til prisar.

Gullfjellsrennet - med hjelp frå Kong vinter

Gullfjellsrennet fekk drahjelp med rikeleg snøfall før søndagens renn i hopp og kombinert på Gullbotn. Det vart ein suksess med deltakarrekord og fornøygde deltakarar. BT laga ein flott reportasje frå rennet.

Gullfjellsrennet hopp og kombinert

Søndag 12. mars inviterer Gullfjell IL til hopp og kombinert på Gullbotn kl. 13. Arrangøren kryssar fingrane for at snøen som er meldt gjer forholda gode i anlegget. Sjå invitasjon.

Super dag på Framnes

Eldar IL laga til KM i hopp- og kombinert i anlegget på Framnes under det tradisjonsrike Vestlandske skistemna. Mange nye rekruttar fekk prøvd hoppski for 1. gong og det var stor innsats under kombinertkrossen. Sjå nokre bilder frå den kjekke laurdagen. Kanskje har du lyst å vere med neste gang?

KM i Framnesbakkane

Laurdag inviterer Eldar IL til det 126. Vestlandske skistemna med KM i hopp og kombinert. Renna går i det fine hopp- og kombikrossanlegget på Framnes og det vil vere muleg å hoppe i bakkar frå K 5 til K 55. Rennet startar kl. 12 og påmelding direkte til rennleiar.

Gullfjell IL arrangerte hopp - og kombinertrenn

Gullfjell IL laga til ein flott konkurranse i anlegget på Gullbotn søndag 5. februar. Hopprenn etterfulgt av kombinert vart arrangert og glade deltakarar og ein dyktig speaker skapa god stemning i anlegget.

Hopp- og kombinertrenn på Gullbotn

Når snøen nok ein gong er i anmarsj rundt Bergen, så er det gledeleg at Gullfjell IL til helga inviterer til Hopp- og kombinertrenn på Gullbotn søndag 5. februar.

Ny hoppfest på Framnes

Eldar IL laga til ein super renndag med hopp og kombinert under vinterlege forhold på Framnes. Hoppbakkar tilpassa ulike nivå og aldrar vart nytta. Etterpå var det kombinertkross i den artige løypa på stadion.

Sesongens første hopp og kombinertrenn på Framnes

Laurdag 21. januar går kretsens fyrste hopp og kombinertrenn for sesongen på Framnes. Her er det mange ulike størrelsar på hoppbakkane, som gjer at det er noko som passar for alle. Kombikross i den morosame løypa med svingar og kular vert arrangert i tillegg. Meld på!

Skisprell kjem til deg!

Gjennom vinteren vert det arrangert fleire skisprell rundt i Hordaland. Kanskje passar det å prøve skiaktivitet for deg, akkurat den dagen, og i akkurat det anlegget? Arrangørane gler seg til å møte deg!

Vis alle nyheter
nif-epi04, 04