Hopp til innhold

Kretstinget gjennomført med nye tillitsvalde og prisar

Hordaland skikrets gjennomførde sitt kretsting laurdag 3. juni. Sjå protokoll, liste over nye tillitsvalde og velfortente prisutdelingar.

Laurdag 3. juni gjennomførde Hordaland skikrets Kretsting med fagmøter i langrenn og alpint. Sjå protokoll frå kretstinget. Referat frå fagmøta vert oppdatert. 

Protokoll Kretstinget Hordaland skikrets 3. juni 2023

Under val av nye tillitsvalde fekk me nokre nye tillitsvalde i styret og komiteane. Me har mange dyktige tillitsvalde i vår skikrets, og heldigvis er det mange som går laus på ein ny periode med arbeid for skiidretten i Hordaland. 

Tillitsvalde for perioden 2023 - 2025:

Skikretsstyret                      

Leiar               Johan Børsheim                     Ulvik IL

Nestleiar         Fredrik Hald,                         Fana IL

Medlem          Hege Alfstad                          Tif Viking

Medlem          Siri Titlestad Martinsen        Fana IL

1. varamedl.    Øistein H. Jensen                   Fana IL

2. varamedl.    Morten Føyen                        Stord IL

Leiar LK         Trond Lefdal, Fana il,           Fana IL

LeiarAK          Bård Seterås                          Fana IL

LeiarHKK       Magne Sørestrand                 Eldar IL

Leiar FK         Camilla Søreide                     Voss freestyleklubb

Langrennskomiteen           

Leiar                Trond Lefdal, Fana il,           Fana IL

Medlem           Eivind Maurset Blindheim   Bulken IL

Medlem           Kim Krohn Runnane             IL Korlevoll-Odda

Medlem           Jan Erik Guldbrandsen          TIF Viking

Medlem           Emil Hosøy                            Osterøy il

Alpintkomiteen                    

Leiar                Bård Seterås                          Fana il

Medlem           Knut Kettermann                   Ørnar IL

Medlem           Vidar Kvassheim                   Tertnes alpint

Medlem           Stian Kreken Almeland Samnanger IL

Medlem           Cathrine Spook                      Odda IL

Hopp- og kombinertkomiteen                   

Leiar                Magne Sørestrand                  Eldar il

Medlem           Arnfinn Gjerstad                    Bulken il

Medlem           Thoralf Magnussen               Gullfjell IL

Freestylekomiteen               

Leiar                Camilla Søreide                     Voss freestyleklubb

Medlem          Hilbjørg Arntsen                   Bergen Freestyleklubb 

Kontrollkomiteen

Steinar Røthe                         Voss IL

Øyvind Gaute Berg                Stord IL

Valkomiteen:                      

Lars Tennebekk – Loddefjord IL leiar – attval

Stig Gunnar Røthe – Voss IL medlem – attval

Kjersti Brattebø – Osterøy IL medlem – ny

Prisutdeling under kretstinget

Under Kretstinget vart det også delt ut velfortent heider til våre medlemmer. Liv Gunn Bay IL Korlevoll - Odda og Arnstein Aas Voss IL fekk begge Hordaland skikrets sin heiderspris for sitt viktige arbeid for skisporten i sine klubbar. Hans Grahl-Madsen Fana IL fekk Utøvarprisen for sine framgangar i alpintsporten, som nå har førd første års senioren inn på landslaget i alpint.

Kim Krohn Runnane tok i mot prisen på vegne av heidersprisvinnar Liv Gunn Bay, som gjennom 35 år i styret har gjort eit mangfald av oppgåver i laget. I dag er ho leiar av hyttestyret og er fast med arrangørstaben når idrettslaget skal arrangere renn og samlingar. Spesielt verd å nemne hennar engasjement for Dyrkskarrennet, som ho sjølv også har fullførd 42 ganger. Ho har mange takknemlige "Korlinger"  gjennom innsatsen ho legg ned og Hordaland skikrets er glade for å kunne gje ein velfortent heiderspris for det fantastiske arbeidet for skisporten gjennom mange år. 

Det var ingen som stod klar til å ta i mot heidersprisen til Arnstein Aas Voss IL, men det vart fortalt litt om innsatsen til den tidlegare topp- langrennsløparen, som gjekk i frå innsats i eigen satsing, til innsats for sambygdingane i anleggsutvikling på Voss ski- og tursenter, leiarrolle rundt store arrangement på Voss og leiarverv i treningssamarbeidet Vossalangrenn. Alt dette tek tid kvar for seg, men den aktive Vossingen Arnstein nyttar fritida si til beste for sambygdingane og gjer ein innsats som viser att langt utanfor Voss IL. Hordaland skikrets takkar for den store og mangeslungne innsatsen for skisporten og gratulerer med velfortent pris, som vart sendt til Voss og stod heime hos Arnstein når han kom heim frå jobb i Nordsjøen. 

 
Utøvarprisen går til dei som markerer seg både sportsleg og viser stor utvikling mot nasjonalt eller internasjonalt nivå. Hans Grahl-Madsen kryssa av på desse boksane utan tvil. Frå Hans var 16 år og flytta til Geilo, så har utviklinga gått jamnt og med store framsteg. Han har arbeida hardt og har vore dedikert i arbeidet mot å bli betre. Når Hans var ferdig med siste år som junior, så hadde han både vore i junior VM og imponert med 6. plass og 3. plass på team event. Rangert seg som den beste 2003 årgangen i verden i storslalåm og den åttende beste i slalåm. Sesongen vart avslutta med uttak til landslaget i alpint. Imponerande! Hordaland skikrets gratulerer med utøvarprisen 2023.  PS! Sidan Hans var på samling på Juvass når Kretsinget gjekk, så var det far Martin som fekk gleda av å motta prisen på vegne av sonen. 

nif-epi04, 04