Hopp til innhold

I år vert Haustcampen gjennomført i Strandebarm på Strandebarm sportell. Dette er eit eldorado med eigen friidrettsbane, idrettshall, symjehall og aktivitetar ved sjø.

Haustcamp i Strandebarm 15. - 17. september

Me inviterer til Haustcamp i alle skigreiner fredag 15. - søndag 17. september i Strandebarm. Campen er for alle født mellom 2010 og 2012. Innhaldet på aktiviteten er allsidig trening med noko greinspesifikt. Sjå program og meld på. Informasjon oppdaterast.

Sidan Bømoen er opptatt med kompani Lauritsen, så ynskjer me i år velkomne til Strandebarm og Strandebarm sportell fredag 15. september til søndag 17. september. Det vert 3 aktive dagar for deltakarane på denne allsidige breiddesamlinga for skikretsen sine ungdomar. Me vil nytte mange ekslusive mulighetar for aktivitet gjennom friidrettsbane, idrettshall, symjebasseng og sjøen med ulike framkomstmiddel, like ved. I tillegg er det både minigolf, bordtennis og andre allsidige aktivitetstilbod på området. Overnatting og matservering skjer på Sportellet like ved aktivitetsområdet. Samlinga er for dei som skal opp i 12 års klassen til vinteren til og med dei som skal opp i 14 års klassen. Alle skigreiner er invitert og allsidig aktivitet og det sosiale står i fokus i tillegg til noko greinspesifikk trening. 

Program Haustcampen 2023

Ta med liste! 

Påmelding Haustcampen Strandebarm 15. - 17. sep. 2023

Påmeldingsfristen er søndag 10. september. Samlinga kostar 1750,-  Alle deltakarar får ein deltakar-premie. For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1750,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp+namn".

Me gledar oss til treffe deg i Strandebarm fredag 15. september!

NIF-EPI02, 02