Hopp til innhold

Sogn og Fjordane Skikrins

Kalendar:

Fra Til Tittel
Fra 03.06.2023 10:00 Til 03.06.2023 16:00 Tittel Skikrinstinget 2023
Fra 23.06.2023 13:00 Til 26.06.2023 15:00 Tittel Trenar 2-kurs langrenn Sognefjellet
Fra 26.06.2023 17:00 Til 28.06.2023 15:00 Tittel Trenar 1-kurs langrenn Sognefjellet
Fra 26.06.2023 18:00 Til 30.06.2023 18:00 Tittel Sognefjellet Sommarskiskule 2023

Nyheter

Skikrinsting og Vårmøter

Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til Skikrinsting og Vårmøter laurdag 3. juni 2023, ved Scandic Sunnfjord Hotel, Førde.

Sparebanken Vest utøvarstipend

I Sogn og Fjordane Skikrins sin samarbeidsavtale med Sparebanken Vest er det lagt til rette for å søke på utøvarstipend for utøvarar innan alpint frå Sogn og Fjordane.

Valkomitéen si innstilling

Valkomitéen si innstilling til hovudstyret og greinkomitéane for Sogn og Fjordane Skikrins er no klar. I innstillinga er det nokre nye namn i organisasjonen. Desse kan du lese meir om her, samt sjå fullstendig liste.

NM Telemark Syril IL

Syril IL har gleden av å invitere til NM klassisk telemark, NM Fjelltelemark 21.-22. april, og Kjeringi open 22. april 2023! Resultatservice.

Sognefjellet Sommarskiskule 2023

26.-30. juni er det klart for Sognefjellet sommarskiskule 2023! Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer velkommen til Skjolden og Sognefjellet for ski på sommarsnø. Informasjon og påmelding.

Trenarkurs Sognefjellet 2023

Sogn og Fjordane Skikrins ønskjer velkommen til Skjolden og Sognefjellet for trenar 1- og trenar 2-kurs langrenn 2023. Informasjon og påmelding.

Bjønnarennet 2023

Eskil Hov og Kristin Austgulen Fosnæs raskaste mann og kvinne i årets versjon av Bjønnarennet, det 53. i rekka! Resultatlister.

Even Hole Cup 2023

Even Hole Cup gjekk av stabelen, i kjent stil, skjærtorsdag 6. april 2023. Elias Helle Felde og Sofie Rake med best tider i herre og dame klassen.

Holmøyskarrennet 2023

Holmøyskarrennet 2023 vart gjennomført i fantastiske forhold palmesøndag 2. april. André Haugsbø og Maren Hjelmeset Kirkeeide med best tider i herre og dame klasse.

Samordnet rapportering 2023

Vi har samlet en del nyttig informasjon som kan være til hjelp i arbeidet rundt samordnet rapportering (medlemsregistrering) i KlubbAdmin for våre skiklubber. Fristen for NSFs klubber er 30. april.

Påskeskirenn 2023

Skjærtorsdag, 6 april, blir det arrangert ei rekke tradisjonsrike skirenn i Skikrinsen; Bjønnarennet 2023, Even Hole Cup 2023, og Nakkjen Ned 2023!

Hovudlandsrennet 2023 Alpint

Hovudlandsrennet 2023 Alpint er denne sesongen lagt til Freidig Alpin og Vassfjellet Vinterpark 21.-26. mars! Informasjon og påmeldte utøvarar.

SSF Cup Finale

Laurdag 25. mars arrangerte Eid IL SSF cup avslutning på Tua. Det vart eit flott renn i strålande sol og gode forhold. Resultatlister frå rennet og SSF Cupen samanlagt.

Fjord1 Young Attacking Vikings

Søndag 26. mars vert det Fjord1 Young Attacking Vikings ved Sunnfjord Skisenter Blomlia! Det blir eit lågterskel arrangement for alle, med fokus på skiglede i artige løyper.

Vestlandsmeisterskap 2023 Voss

Voss idrottslag inviterer til Vestlandsmeisterskap for skikretsane Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane 18.-19. mars 2023! Laurdag 18. mars klassisk og søndag 19. mars skiathlon/ fri teknikk. Frist for påmelding er 15. mars.

Skisprell Fj./ Vereide IL

Det blir Skisprell for barn og heile familien på Myra i Sandane tysdag 14. mars, kl. 18:15 til 20:00! Ta med langrennski og bli med. Om du ikkje har ski er dette mogleg å låne på Bua i Trivselshallen!

SSF Cup Eid IL

Vel gjennomført SSF Cup renn på Tua, søndag 12. mars. Resultatliste og oppdatert stilling i SSF Cupen samanlagt.

Telenorlekene 2023 Wyller

Telenorleikane 2023 vart arrangert ved Skimore Wyller, 9.-12. mars, med Ready Alpint og Heming IL Alpint som arrangørar.

Kong Haralds Ungdomsstafett 2023

Laurdag 11. mars ønskjer Oslo Skikrets og Norges Skiforbund velkommen til Kong Haralds Ungdomsstafett 2023. Skikrinsen stiller med eitt lag til årets ungdomsstafett.

se flere nyheter Vis alle nyheter
nif-epi04, 04