Hopp til innhold

Langeland Skisenter.

SSF Cup Langeland

Laurdag 16. januar er det klart for SSF Cup på Langeland med Førde IL og Gaular IL som arrangør. Informasjon er oppdatert 15.01.2021.

SSF Cup 16. januar skulle opphaveleg avviklast i samband med Klepparennet, men Syril IL utset dette rennet til seinare i vinter. Førde IL/Gaular IL fekk ikkje arrangert SSF Cup på Langeland 3. januar og har tatt på seg å arrangere SSF Cup 16. januar som erstatning.

Arrangementet inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år) og vert avvikla i friteknikk.

Som følgje av situasjonen med covid-19 vert arrangementet avvikla i to kohortar.

  • Start kohort nr. 1 kl. 12.00 (10 år og yngre)
  • Start kohort nr. 2 kl. 13.00 (11 år og eldre)

Startliste finn ein på EQTiming

Innbyding

Løypekart Merk! Arrangementet vert avvikla i nye løyper/trasear.

INFO - PÅMELDING Påmelding innan torsdag 14. januar, kl 23.59.

Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette - KOHORT 1» eller «Støtteapparat og føresette - KOHORT 2».

Smittevern
Førde IL og Gaular IL gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at ein kan arrangere rennet er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god håndhygiene.
  • Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i skihytta eller arenabygget.
  • Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg med bruk av NIF sin qrona-app (https://qrona.nif.no/login-or-checkin) ved ankomst skisenteret.
NIF-EPI02, 02
NTB