Hopp til innhold

Arkivbilete frå Kleppa Skisenter.

Klepparennet utsett

Klepparennet 2021 som er terminfesta 16. januar er utsett til 20. februar.

Syril IL utset Klepparennet 2021 til seinare i vinter då dei ut i frå ei samla vurdering, og slik situasjon er no, meiner det ikkje er rett å arrangere Klepparennet 16. januar. Klepparennet er difor planlagt avvikla laurdag 20. februar og som SSF Karusell (sonerenn).

TERMINLISTE LANGRENN 2020-2021 

Rennet var sett opp som SSF Cup for rekrutt (11-16 år). Skikrinsen ser på moglegheiter for å avvikle SSF Cup i friteknikk med anna arrangør innanfor gjeldande nasjonale og lokale smittevernreglar. 

Skiaktivitet/skiarrangement i skikrinsen kan ein gjennomføre så lenge ein følgjer gjeldande smittevernreglar. Sjå elles skiforbundet sin koronaretteleiar.

NIF-EPI03, 03