God sommar frå krinskontoret
Dagleg leiar og skiklubbutviklar har no ferie til august, og vi ynskjer alle ein riktig god og aktiv sommar!
Vi er klare for ein innhaldsrik haust og vinter, og tek derfor med litt informasjon om aktuelle saker og aktivitetar.
Ny dagleg leiar
Bodil Ryste tok til i stillinga som dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins frå 1. juni. Melanie Hetkamp-Andersen har gjort ein strålande jobb som fungerande dagleg leiar, og held no fram som skiklubbutviklar. Melanie er klar for nye oppdrag og mykje kjekk aktivitet utover hausten.
Kontaktinformasjon til oss finn de her. Der finn de òg oppdatert informasjon om styret og komitéane i Skikrinsen.
Aktivitetar til hausten
Greinene er godt i gang med å planlegge aktivitetar utover hausten, deriblant ulike breiddesamlingar. Dersom din klubb arrangerer ein aktivitetsdag eller ei samling som er open for fleire, ta gjerne kontakt slik at vi kan ta den med i vår oversikt og bidra med marknadsføring. Aktivitetar som allereie er planlagt er til dømes alpinsamling på SNØ siste helga i haustferien, samt rulleskirenn på Langeland 13.09 og 11.10. Oppdatert aktivitetskalender vert lagt ut etter sommarferien.
Merk dato for Haustmøtet
Årets haustmøte vil gjennomførast i Sogndal laurdag 31. oktober. Denne dagen samlast vi til ein fellesdel og i ulike greinmøter. Der tek greinene m.a. føre seg arbeid med rekruttering og terminliste for sesongen. Her blir det òg planlagt ei basissamling på tvers av greinene. Meir info kjem!