Skisamling SNØ i haustferien
Sogn og Fjordane skikrins gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til alpinsamling i SNØ-hallen 8.-11. oktober 2026!
Kvar: SNØ, Snøfonna 5, 1470 Lørenskog
Tidspunkt: 8. - 11. oktober 2026 (ankomst 7. oktober)
For kven: Alle utøvarar i Sogn og Fjordane skikrins
Kostnadar:
- Alpinkomitéen dekker baneleige, heiskort og trenarutgifter for utøvarane
- Reise og overnatting/mat må dekkast av den enkelte
- Det vert lagt opp til at ein kjøper inn felles lunsj mellom øktene der kostnaden vert fordelt på deltakarane.
Overnatting hotell:
- Det er reservert overnatting på Thon Hotel Snø
- NB, overnatting er førebels reservert frå onsdag 7. oktober - søndag 11. oktober pga mogleg tidleg treningsstart torsdag 8. oktober
- Prisar på rom:
- Standardrom 2 personar kr. 1885,- per natt
- Standardrom 3 personar kr. 2085,- per natt
- Standardrom 4 personar kr. 2335,- per natt
- Frukost er inkludert i pris, men øvrige måltid kjem i tillegg.
Påmelding: Via skjema innan 1. september kl. 23.59
Detaljert informasjon og samlingsplan vert sendt til påmeldte deltakarar når det nærmar seg. Alle detaljane er ikkje klare per juni 2026.
Kontaktperson for samlinga - Alpinkomitéen:
Atle H. Sæterbakken, tlf. 99 36 76 08 eller epost: atle.saeterbakken@hvl.no