Ny dagleg leiar i skikrinsen

Bodil Ryste er ansatt som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skikrins. Ho byrjar i den nye stillinga frå 1. juni 2026.

– Eg gleder meg veldig til å starte i juni. Eg har vakse opp med skiidrett og vore aktiv utøvar i langrenn og randone tidlegare. Dei siste åra har eg vore engasjert som trenar og leiar i skigruppa i Gaular IL. Eg er i tillegg aktiv med ulike løp og orientering sumarstid. 

Bodil bor til dagleg i Gaular, ikkje så langt frå Førde. Bodil har sidan 2018 jobba i Vestland Idrettskrets som rådgjevar idrettsfag. 

Ho er oppteken av skiglede på alle nivå og det å skape gode meistringsmiljø for born og unge.  

Velkomen til oss Bodil! 

Publisert 06. mar. 2026