Hopp til innhold

Arrangement Alpint 2020-2021

Arrangørar av skirenn i alpint 2020-2021 gjennomførte 15. desember eit webmøte om arrangement og smittevern i regi av skikrinsen.

I møtet gjekk ein igjennom informasjon om smittevern i samband med arrangement og drøfta relevante problemstillingar for gjennomføring av skirenn kommande skisesong.

Presentasjon webmøte 15.12.2020

Følgjande punkt vart drøfta i møtet:

  • Påmelding av støtteapparat/føresette på førehand via påmelding til rennet i Min idrett (og i tillegg manuell registrering før/under arrangementet)
  • Informasjon om smittevern og påmelding i innbydinga, samt at speaker informerer jamleg under arrangementet (døme på innbyding frå krinsrenn langrenn)
  • Arrangør skal oppnemne eigen smittevernansvarleg for sitt arrangement (følgje opp smitteverntiltak før og under arrangement, ha dialog med skisenteret osv.)
  • Kjøp av heiskort online eller avklare handtering med skisenteret på førehand
  • Premieutdeling utandørs

Alle arrangørar skal sette seg inn i Norges Skiforbund sin koronarettleiar - retningslinjer for arrangement sesongen 2020-2021

Sjå også informasjon frå fnugg.no: - Slik vil korona påvirke vinteren

Sogn og Fjordane Skikrins oppmodar skigruppene til å gjennomføre gode lokale arrangement og aktivitetar kommande vinter.

Skiidretten er ein del av dugnaden for å stoppe koronasmitten, og støttar opp under helsemyndigheitene sitt arbeid for å hindre spreiing. Skiaktivitet skal føregå under mest mogeleg trygge rammer, og det er eit felles ansvar for alle som deltek i aktiviteten om å ivareta smittevernet.

NIF-EPI03, 03