Hopp til innhold

Gjøran Tefre (Foto: Team Veidekke Vest)

Tefre går verdscup i Tyskland

Gjøran Tefre skal gå verdscup i langrenn i Dresden kommande helg.

Førde-løparen skal på nytt prøve seg mot verdseliten i langrenn med sprintrenn i tyske Dresden kommande helg. Laurdag er det individuell sprint og søndag teamsprint. Renna kan ein følgje direkte på NRK TV.

Før jul imponerte Tefre med 9. plass individuelt i sprint og 2. plass på teamsprint.

Tefre er ein av sju norske herrar som er tatt ut til verdscuphelga. Som leiar av Skandinavisk Cup samanlagt har han friplass i verdscupen fram til midten av mars.

UTTAK NORGES SKIFORBUND

nif-epi04, 04