Hopp til innhold

Gjøran Tefre (Foto: Team Veidekke Vest)

Pallplass i verdscup

Gjøran Tefre held fram med å imponere i verdscupen og gjekk søndag inn til sin første pallplass med 2. plass på teamsprinten i Planica.

Dermed følgte Førde-løparen opp 9. plassen individuelt på sprinten laurdag, med pallplass og karrrierebeste på teamsprint søndag i verdscuprenna i slovenske Planica.

Det vart dobbelt norsk på teamsprinten med siger til Norge 1 og med dei to Veidekke-løparane Gjøran Tefre (Team Veidekke Vest) til Håvard Solås Taugbøl (Team Veidekke Innlandet) på 2. plass for Norge 2.

På Norge 1 gjekk dei to sprintlandslagsløparane Sindre Bjørnestad Skar og Erik Valnes.

RESULTAT - WC teamSPRINT PLANICA (SLOVENIA)

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02
NTB scanpix