Hopp til innhold

Langrenn Sogn og Fjordane

Terminlister (5 neste renn)

Fra Til Arr. navn Arrangør Gren Krets Live
Fra 11.12.2022 Til 11.12.2022 Arr. navn Bjønnastarten 2022 Arrangør IL Bjørn - Ski Gren Langrenn Krets Sogn og Fjordane Skikrins Live
Fra 18.12.2022 Til 18.12.2022 Arr. navn SSF Cup Førjulsrennet Hodlekve Arrangør Sogndal IL Gren Langrenn Krets Sogn og Fjordane Skikrins Live
Fra 26.12.2022 Til 26.12.2022 Arr. navn Ribberennet 2022 Arrangør Førde IL Gren Langrenn Krets Sogn og Fjordane Skikrins Live
Fra 07.01.2023 Til 07.01.2023 Arr. navn SSF Cup Ullsrennet Arrangør Markane IL Gren Langrenn Krets Sogn og Fjordane Skikrins Live
Fra 15.01.2023 Til 15.01.2023 Arr. navn SSF Cup Hodlekverennet Arrangør Sogndal IL Gren Langrenn Krets Sogn og Fjordane Skikrins Live

Aktuelt

NYTT Digitalt TD- og arrangørkurs

Vi har fått satt opp ett ekstra digitalt TD / arrangørkurs i langrenn. Kurset går som webinar med internasjonal TD Rune Tøllefsen som kursholder.

Gålåsprinten 2022

Gålåsprinten går i helga, 25.-27. november. Det er NorgesCup for senior fredag, laurdag og søndag, og FIS renn for junior laurdag og søndag. Nytt for i år er at renna blir sendt direkte gjennom Amedia sine aviser.

Barnas Mini-VM 2023

Vil klubben din arrangere Barnas Mini-VM 2023? Barnas Mini-VM er eit barneskirennkonspept i regi av VM arrangøren Trondheim 2025, og skal no utvidast nasjonalt. Sogn og Fjordane Skikrins treng ein arrangør til Barnas Mini-VM 11. februar 2023. OBS kort søknadsfrist!

Terminlista 2022/2023 langrenn

Terminlista 2022/2023 for Sogn og Fjordane Skikrins langrenn er klar som pdf-versjon. Elektronisk terminliste blir oppdatert fortløpande.

TD- og arrangørkurs langrenn

Sogn og Fjordane Skikrins inviterar til TD- og arrangørkurs langrenn ved Thon Hotel Jølster torsdag 1. desember kl. 18.00. Kurset er retta både mot arrangørar og TD'ar.

Sesongopning langrenn Beitostprinten

Det er klart for sesongopning langrenn på Beitostølen. Fem løparar frå Skikrinsen skal gå. Renna kan du sjå direkte på NRK eller på NRK nett-tv.

Ukas Økt

Treng skigruppa di inspirasjon til barmarkstreningane i haust? Skiforbundet lagar ei serie framover med "ukas økt" der det blir publisert ei ny økt kvar veke. "Ukas økt" veke 46

Haustmøte 2022

Laurdag 5. november vart Haustmøta til Skikrinsen gjennomført ved Idrettens Møteplass på Sandane.

Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane

I forbindelse med Haustmøte til Skikrinsen, vart langrennskomiteen overraska med ei gåve på kr. 50 000,-. Gåva er gitt for vidare utvikling av langrennssporten i Skikrinsen.

Felles smøreopplegg på Hovedlandsrennet

Langrennskomiteen i Skiforbundet har vedtatt at det skal organiseres et felles smøreopplegg for alle deltakere under Hovedlandsrennet 2023 i Meråker. En avstemning på fagmøtet i langrenn (Høstmøtet), ga et overveldende flertall for en slik løsning. Swix er smøreleverandør under Hovedlandsrennet.

Olympiatoppen Vest

Olympiatoppen Vest invirerar alle trenarar og foreldre/ føresette til fordrag; trenar-, forelder-, og utøvarrelasjon, ved Thon Hotell Jølster, 1. november 2022.

Erdal Sport Førde

Tysdag 18. oktober kl. 16.00 kjem representant frå Fischer Ski til Intersport Førde. Her kan ein møte opp og få mange gode tips til kjøp og prepping av langrennsski før sesongen.

Enivest Rulleskirenn

I samband med Enivest Skiskule med Gjøran Tefre, inviterar Førde IL og Gaular IL til Enivest rulleskirenn v/ Langeland Skisenter søndag 9. oktober 2022. Resultatlister kan ein lese her.

Enivest Skiskule 2022

Gjøran Tefre og Førde IL Langrenn, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, ønskjer 24 unge utøvarar velkomne til Enivest Skiskule i Førde 7.-9. oktober. Skiskulen er for utøvarar født mellom 2007-2011.

Tilskot langrenns- og turlangrennsløyper

Vestland fylkeskommune har etablert ei søknadsbasert driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Tilskotet skal stimulere til hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon.

Kontakt Skiklubbutviklar

Bestill skiklubbutviklar, Melanie Hetkamp-Andersen, til klubben din. Ho kan bidra med råd og vegledning i breidde- og rekrutteringsarbeid. Ta kontakt, Melanie kjem gjerne på besøk!

FIS liste Langrenn 2022-2023

Det er tid for FIS liste inn- og utmelding for komande sesong. Alle utøvarar som skal gå FIS-renn, Norges Cup og NM skal stå på lista. Alle som ikkje skal stå på lista må melde seg ut. Ta utgangspunkt i vedlagt liste, frist for inn/ut melding 28 september.

Miljøsamling Langeland

Laurdag 17. september 2022 inviterar Førde IL og Gaular IL til Miljøsamling for born og ungdom f. 2007-2012. For aldersgruppe 2010 og eldre vert det invitert til rulleskirenn kl. 15.15.

se flere nyheter Vis alle nyheter
nif-epi04, 04
Foto: Terje Bendiksby / NTB