Hopp til innhold

Parapigging

På denne sida vil me oppdatere rundt vårt arbeid for å tilrettelegge for funksjonshemmede og skiaktivtet.

Parapigging:

Hordaland skikrets i samarbeid med Hordaland idrettskrets, olympiatoppen vest og klubbane Tif Viking og Fana IL har etablert eit utøvar- og trenersamarbeid for å tilby faste treningar med utgangspunkt i Bergen. Det vil også kome arrangement og samlingar for fleire i skikretsen. 

Fellestreningar 

Me har treningsdagar fast på tysdagane kl 1730 eller 1800. Dette oppdateres på vår gruppe på facebook. Ta kontakt for å verte med i gruppa. Utover vinteren vil me også nytte nokre fredagar til felles trening. Me har Frotveit og Totland som treningsstadar om det er skiføre. Utan snø brukar me Gamlehaugen som oppmøtestad, om ikkje anna er planlagt.

Tysdag:  Oppmøte kl 1730

Me har eiga facebookgruppe, som me nyttar til informasjon rundt treningsoppmøte og anna. Send mail til: bernt.rusten@skiforbundet.no for å få informasjon om tilbodet. 

Fredag: Oppdateres undervegs. 

Bilete og NYHEtssaker 

Utprøvings- og bli kjent dag på Gamlehaugen tysdag 15.oktober.
Invitasjon til utprøvingsdag parapigging 15. oktober  

Mandag 18. februar har me ei utvida økt med både produsentar og fagkompetanse, når me flyttar økta opp til Totland. Sjå invitasjon!

Invitasjon parapigging totland 18. februar 

Hordaland skikrets stilte med både utøvarar og trenarar på renna og samlinga på Gålå.  Les den kjekke rapporten. 
NC og samling på Gålå - NSF

Sjå bileter frå samlinga og renna til Jon-Einar og Indira. Sondre Tysseland var med som trenar på denne samlinga. 

Bilete frå NC og samling på Gålå - Hordaland

NIF-EPI02, 02