Hopp til innhold

Inspirerande dagsamling

Det vart ein innhaldsrik og aktiv dag for deltakarane på dagsamling i paralangrenn i Bergen. Anne Ragnhild Kroken frå Para NSF og dyktige instruktørar sørga for eit godt innhald. Deltakarane sørga for pågangsmot og glede.

Hordaland skikrets, Para NSF og Idrettskretsen laga til ein aktiv dag med rulleskiaktivitet for sittande og svaksynte laurdag 1. oktober. Rulleski og basisstyrke stod på planen. I tillegg vart det både felles lunsj, gode samtalar og ein liten quiz.

Rulleskiaktiviteten føregjekk på Hop og langs Os-traseen, som er ein fin trase for rulleski. Deltakarane fekk prøvd utstyr og gjennomført ei god økt med solide bidrag av tidlegare Paralympisk gull-vinnar Mariann Vestbøstad Martinsen og inspirasjon frå landslagsutøvar Indira Milena Hopsdal Liseth, som for tida må ta det roleg etter skade. Etter rulleski vart det felles lunsj på høgskulen før ei nyttig basisøkt med Kristoffer Refsdal, som synte gode øvelsar for basis styrke med enkle hjelpemiddel. 

Me følgjer opp med faste treningar frå Hop utover hausten, der skikretsen stiller med instruktørar. For nye rekruttar og andre som har lyst å prøve paralangrenn, så er det berre å ta kontakt med Hordaland skikrets, så får det informasjon og hjelp til å vere med. 

Nokre bilete frå ein inspirerande dag!

NIF-EPI02, 02