Finale i kretscupen langrenn
I helga vart årets kretscup avslutta med finale i samband med Vestlandsmeisterskapet og søndagens skiathlon. For dei yngste var det nok startar i kretsrenn som var viktig, medan dei eldste sanka poeng gjennom sesongen. Sjå sluttstilling og glade vinnarar.
Vestlandsmeisterskapet på Voss
Voss IL laga til ei flott rennhelg for skikretsane på vestlandet, når Vestlandsmeisterskapet gjekk over to dagar i Voss ski og tursenter. Laurdag var det klassisk teknikk i solskin og søndag var det friteknikk/skiathlon i litt meir "vestlandsvær".
Kretscupen samanlagt før finalehelg
Før helgas finale i kretscupen med Vestlandsmeisterskapet, sjå oppdatert poengstilling i kretscupen for 13 - 20 år og gjennomført kretscupen 8 - 12 år med premiering.
Flott helg i Kvam med Torefjellsrennet og stafett
Kvam Langrenn- og skiskyttarklubb gjennomførte to strålande arrangement på Sjusete og områda rundt i helga. Torefjellsrennet gjekk laurdag og sprintstafett søndag.
Kjekt på Kong Haralds ungdomsstafett
Hordaland skikrets stilte med 2 lag under helgas Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen. Togturen over til Oslo under WC 5-mila og deltaking i stafett mot andre 15-16 åringar frå Norge, gav masse opplevingar pakka i ei helg.
Vestlandsmeisterskap på Voss
18. - 19. mars går Vestlandsmeisterskapen i langrenn på Voss. Arrangørane ynskjer alle frå Hordaland, Sogn og fjordane og Agder og Rogaland velkomne til langrenn på Voss ski og tursenter.
Til helga skjer det i Kvam
Til helga inviterer Kvam LSK til både turrenn og sprintstafett med Torefjellsrennet laurdag 11. mars og Kvamma sprintstafett søndag 12. mars. Arrangøren kan melde om strålande skiforhold i anlegget på Sjusete.
Tour de Hardanger vel gjennomført
Røldal IL og IL Korlevoll - Odda laga til tre flotte konkurransar på to dagar i dei to anlegga, som var dressa opp med den finaste kvite kappe med sol frå skyfri himmel.
Tour de Hardanger i Røldal og Korlevoll
Til helga går Tour de Hardanger i snøfylte Røldal og Korlevoll. Arrangørane kan melde om strålande skiføre og gledar seg til å ynskje velkomne til to kjekke skidagar i hardanger.
Hordalandsløparar på Hovedlandsrennet i langrenn
Hordaland skikrets stilte med ein god tropp under Hovedlandsrennet som gjekk i Meråker i helga. Våre deltakarar fekk vore med på langrennskross, sprint, distanserenn og stafett.
Resultat Vargarrennet
Søndag vart Vargarrennet arrangert i Voss ski og tursenter. Rennet gjekk i friteknikk og samla ca 100 deltakarar. Eit godt gjennomført renn av arrangøren frå Bordalen med strålande skitilhøve.
Velkomne til Vargarrennet
Vargarrennet vert arrangert komande søndag i Voss ski og tursenter. Legg søndagsturen til Voss og det flotte anlegget i Herresåsen. Påmeldingsfrist torsdag 23. februar kl. 23.59.
KM Vikingrennet og Fanarennet gjekk på Voss
120 deltakarar var med på laurdagens KM Vikingrennet i klassisk og 170 deltok på søndagens Fanarennet i friteknikk under strålande tilhøve. Sjå resultat og oppdatert stilling i kretscupen.
KM Vikingrennet og Fanarennet på Voss
Til helga inviterer Tif Viking og Fana IL til langrenn i Voss ski og tursenter. Vikingrennet vert KM klassisk. Sjå oppdatert kretscup og hugs påmeldingsfrist onsdag for vikingrennet og torsdag for fanarennet.
Fornøygde utøvarar og arrangørar på Voss
Arrangørane på Voss laga til eit prikkfritt Norgescup arrangement trass vekslande vertilhøve. våre utøvarar fulgte opp arrangørane og gjorde det veldig bra under helgas langrennsfest, der over 800 deltok.
800 juniorar kjem til Voss!
Det vert trøkk på Voss til helga når deltakarar frå heile landet kjem for å delta på Norges Cup i Voss ski- og tursenter. Dei dyktige arrangørklubbane i Vossalangrenn er klar!
Bulken IL arrangerte sprintrenn
Det vart ein flott søndag i Dalane for dei 120 deltakarane under Bulkensprinten. Det var første gong at Bulken IL inviterte til kretsrenn i sprint i anlegget, noko arrangøren gjorde på ein framifrå måte.
Oppdatert kretscup før Bulkensprinten
Sjå oppdatert poengstilling i kretscupen langrenn og oversikt over deltaking for mini-kretscupen i aldersgruppa 8 - 12 år. 5 kretsrenn gjev deltakarpremie for desse.
Bulken gledar seg til sprintkonkurranse
Søndag 5. februar inviterer Bulken IL til sprint i den flotte løypa på Dalane. Dette er vår einaste individuelle sprint på årets terminliste. Ei perfekt opplading for dei som skal på hovedlandsrennet og for juniorane som skal gå NC på Voss neste helg.
Vel gjennomført KM i Samnanger
Samnanger IL laga til eit Kretsmeisterskap som stod til 10 i stil. Alt i frå trasear, renncafe, skileikområde, tidtaking og speakerteneste var framifrå. Det vart ein slik dag dei over 200 deltakarane håpa på denne laurdagen i Totræna skianlegg. Søndagens renn vart avlyst grunna store nedbørsmengder utover natta og morgontimane, men laurdagens renn vog opp for den skuffelsen.