Hopp til innhold

Alpint Hordaland Skikrets

Terminlister (3 neste renn)

Fra Til Arr. navn Arrangør Gren Krets Live
Fra 09.03.2024 Til 10.03.2024 Arr. navn Fanarennet 2024 Arrangør Fana IL - Ski Gren Alpint Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 14.03.2024 Til 17.03.2024 Arr. navn NM Masters 2024 Voss Arrangør Voss IL - Ski Gren Alpint Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 19.03.2024 Til 21.03.2024 Arr. navn FIS Voss 2024 Arrangør Voss IL - Ski Gren Alpint Krets Hordaland Skikrets Live

Aktuelt

Fartssamling og KM i Ål

Alpinistane startar det nye året med den tradisjonsrike fartssamlinga i Ål frå 4. - 7. januar 2024. Dette er eit felles arrangement for kretsane Sogn og Fjordane, Agder og Rogaland og Hordaland. Sjå meir om innhaldet og meld dykk på.

Webinar Snøproduksjon og Snølagring

Relevant for Ski-Norge: 7. desember 2023 kl. 13:00-14:00 inviterer Vestland Fylkeskommune, Vestland Idrettskrets og SIAT til webinar om snøproduksjon og snølagring.

Terminliste alpint Hordaland 2023-24

Alpintkomiteen har utarbeida ei terminliste som legg til rette for både lokale renn og utvalde nasjonale renn. Sjå kva renntilbod, alpint har i vår krets.

Haustmøte Hordaland skikrets

Velkomne til Scandic Voss tysdag 3. oktober frå 18.00 - 21.00. Møtet består av ein felles del fyrste timen før greinmøtene går dei siste to timane. Saka oppdaterast med program og informasjon. Meld på nå!

Haustcamp i Strandebarm 15. - 17. september

Me inviterer til Haustcamp i alle skigreiner fredag 15. - søndag 17. september i Strandebarm. Campen er for alle født mellom 2010 og 2012. Innhaldet på aktiviteten er allsidig trening med noko greinspesifikt. Sjå program og meld på. Informasjon oppdaterast.

Myrkdalsfart leverte

Den årvisse fartssamlinga Myrkdalsfart vart gjennomført i helga. Rekorddeltaking, strålande forhold og sol frå blå himmel laga ramma for arrangementet. Gjennomføringa som var eit samarbeid mellom Voss alpin og NSF alpint, fungerte i følge deltakarane, frå U12 til U16, så bra at dette vil dei ikkje gå glipp av i 2024. Sjå nokre glimt frå helga.

Kretsting og vårmøter i grein

Laurdag 3. juni gjennomfører Hordaland skikrets Kretsting med vår-fagmøter i grein. Sjå innkalling og informasjon om nominering til prisar.

Hordalandsalpinistar imponerte på Hovedlandsrenn

Hordaland stilte med 6 alpinistar under Hovedlandsrennet i alpint på Vassfjellet forrige veke. Her var det fleire som imponerte med sterke resultat i konkurranse med 15- og 16 åringar frå heile landet.

Vel gjennomførte fis-renn på Voss

Voss alpin laga to gode storslalåm konkurransar for dei over 100 deltakarane på fis-renna i alpint som gjekk i Bavallen søndag og mandag. Vossingen Anna Bryn Mørkeset var med i toppen begge dagar i lag med fleire Hordalandsalpinistar.

KM i Eikedalen

Tertnes alpin og Fana alpin laga til ei flott KM helg med konkuransar i slalåm og storslalåm i Eikedalen. U 10 og yngre gjorde to renn på laurdagen og dei eldste fekk to gode konkurransedagar.

KM alpint i Eikedalen

Til helga vert det full fart i Eikedalen når Tertnes alpin og Fana alpin inviterer til KM i storslalåm og slalåm laurdag og søndag. Hugs påmeldingsfrist torsdag 9. februar.

Telenorlekene og felles opplegg Hordaland

Telenorlekene er rett rundt hjørnet og me i Hordaland skikrets gledar oss til kjekke dagar i Wyller og Oslo 9. - 12. mars. Nå kan de melde på fellesopplegget vårt og reservere overnatting på Scandic Fornebu.

Resultat Bavallsrennet

Laurdag og søndag 28. og 29. januar arrangerte Voss alpin det årlege Bavallsrennet. Deltakarar frå Hordaland, Sogn og fjordane og Agder og Rogland fekk glede av alpintrennet arrangørane laga til i det flotte anlegget. Det var ca 90 deltakarar totalt som var med på helgas renn.

Voss alpin arrangerer Bavallsrennet

Set av helga til Bavallsrennet i alpint. Utøvarar frå nabokretsane Sogn og Fjordane og Agder og Rogaland er også hjarteleg velkomne til Voss. Det vert slalåm laurdag og storslalåm søndag. Laurdagen går det rekruttrenn på myra. Meld på!

Alpinistar frå Hordaland imponerer

I rekka av internasjonal deltakelse føyer Lauritz Kettermann frå Ørnar IL seg inn. Han er teken ut til talentcamp og internasjonalt renn i Whistler. Samstundes startar Hans Grahl Madsen opp med renn i Junior VM og søstrene Madeleine og Pia Sylvester-Davik startar straks i Ungdoms OL. Følg våre utøvarar som representerer Norge framover.

Resultat KM Super G

Sjå resultat frå KM Super G i Ål. Renna og samlingen vart gjennomført i samarbeid med våre to nabokretsar i sør og nord. Sjølv om nysnøen gav mindre fartstrening enn ynskja, så vart det gjennomført fartsrenn med innlagt KM for Hordaland under laurdagens renn.

Skisprell kjem til deg!

Gjennom vinteren vert det arrangert fleire skisprell rundt i Hordaland. Kanskje passar det å prøve skiaktivitet for deg, akkurat den dagen, og i akkurat det anlegget? Arrangørane gler seg til å møte deg!

Vis alle nyheter
NIF-EPI03, 03