Hopp til innhold

Bavallsrennet i alpint 20. - 21. mars

Det utsatte Bavallsrennet går til helga. For dei som har meldt seg på, så er påmeldinga frå forrige renn framleis registrert. Sjå meir informasjon om rennet.

Alpintkomiteen har gjort justeringar på terminlista. Med utfordringar rundt smittevernshensyn, så er det etter rask responstid frå Voss alpin klart for det utsatte Bavallsrennet til helga. For dei som var påmeldt, så er denne påmeldinga gjeldande frå det utsatte rennet. For dei som vil melde seg av, sjå informasjon på arrangementssida. Alpintkomiteen og Voss alpin gledar seg til å kome i gang att med kretsrenn!

Litt informasjon om renngjennomføring for helga. 

Laurdag 20 mars:

U10 og yngre køyrar 2 renn / 4 omgangar på Myra. Dette vert eit lågterskelrenn. Ingen tid vert annonsert eller resultatlista lagt ut. Det er mogeleg å sjekka tida ved mål. Premiar til alle, vert delt ut med startnummer til rekruttane(U10)

U12 og eldre køyrar SL. Start Runebu, mål Donald flaten. Premiar/pokal til plass 1 – 3, som vert delt ut til lagleiar. Ingen premieseremoni grunna smittevern. 

Søndag 21 mars:

U12 og eldre SSL. Start Runebu, mål ved tidtakarbua over vegen. Premiar som SL på laurdag.

Bavallsrennet 20. - 21. mars 2021

Hugs påmeldingsfrist torsdag 18. mars, om du ikkje allereie er påmeldt på det opprinnelege rennet. 

nif-epi04, 04