Hopp til innhold

Oppdatert poengliste kretscupen før Ulvikarennet

Sjå oppdatert poengliste i kretscupen før helgas langrennskonkurransar i Ulvik. Der vert det både individuelt renn laurdag og ein spanande sprintstafett på søndag.

Etter eit oppsamlingsheat er nå kretscupen publisert. Kretscupen gjeld i årsklassane 13 år til og med 19/20 år. Det er dei 8 renna med best poengsum som er teljande i cupen. Det vert i tillegg lagt til poenga ein får under finalen på Voss 22. mars med Vestlandske skistemna. 

Kretscupen i langrenn 2019/20 - Hordaland skikrets

Til helga er det Ulvik IL som inviterer til kretscup med sitt Ulvikarenn i klassisk teknikk på laurdag. Hugs å meld dykk på rennet i tide(onsdag 5. februar). Følg link.

Søndag vert det ein kjekk lagsstafett i sprint med 2 på kvart lag. Sjå informasjon og meld dykk på!

Bilde frå fjorårets kjekke sprintstafett på Drevtjørn. Ulvik IL gledar seg til å ta i mot dykk for kjekke langrennsdagar i fjorden. 

NIF-EPI03, 03