Hopp til innhold

Bilete frå Team- event under Telenorleikene på Voss i 2017.

Telenorleikene 2019

Årets telenorleiker vert arrangert i Sauda frå 29. mars - 31. mars. Hordaland skikrets har organisert overnatting og felles opplegg rundt renna. Meld dykk på fellesopplegget og hugs påmeldingsfrist for sjølve renna.

Skikretsen har også i år ordna felles overnatting og oppfølging med eigne trenarar i samband med årets telenorleiker. Oppdatert oversikt over støtteapparat med trenarar kjem. 

Me har i år genser til alle deltakarane frå Hordaland. Hugs å marker størrelsen på genseren under påmelding til overnatting. Dei er unisex størrelsar. 

Me har bestilt overnatting på 3 hytter ved skisenteret i Sauda. Dei tek ca 10 personar i kvar hytte. Overnattinga er bestilt frå onsdag 27. mars til søndag 31. mars. Overnattinga er basert på sjølvhushald med eige sengetøy/handkle. Kostnaden for overnatting er gjeldande for heile perioden frå onsdag til søndag og vil vere ca 625,- per natt og ca 2500,- total. Meld dykk på skikretsen si overnatting på linken under. Frist 15. februar. 

PÅMELDING OVernatting Sauda - Hytter 27. - 31. mars

Skikretsen oppdaterer med meir informasjon når det nærmar seg arrangementet. 

Sauda alpint, som arrangerer årets telenorleiker, har heimeside der det vert oppdatert med informasjon frametter. 

Påmelding til renna finn de link til her! Hugs fristen for påmelding er fredag 15. februar. 

 

Me er heldige som har kjekke bidragsytarar til våre unge alpinistar. Samarbeidspartner for våre nasjonale renn i alpint er: 



NIF-EPI01, 01