Hopp til innhold

Amund Møster Haugen blei beste norske med ein fjerdeplass (Foto: Morten V. Eriksen)

Møster Haugen blei beste nordmann

Amund Møster Haugen måtte nøye seg med fjerdeplass på sprinten under VM i telemarkkøyring fredag.

– Det var ein dårleg førsteomgang som øydela for pallplassering. Eg gjorde ein feil og var nedpå med hofta, men eg fekk henta meg bra innatt i andreomgang, seier Amund. 

Køyrde seg opp to plasseringar

Amund køyrde seg opp frå 6.-plass til 4.-plass etter ein solid andreomgang.

– I andreomgang hadde eg ein fin posisjon, klinka til og enda med ein fjerdeplass, diverre. Det er veldig surt å vere så nære, men med tanke på førsteomgangen så må eg vere nøgd med det, seier Amund. 

Gull til Sveits

Gullet gjekk til sveitsiske Stefan Matter. Sveitsaren leda etter 1. omgang og knuste konkurrentane i finalen og var 1,70 sekunder framføre nestemann. Sølvet gjekk til den franske veteranen Philippe Lau, medan bronsen gjekk til slovenske Jure Ales. 

Tor-Kjetil Alstad på ein 13. plass, medan Kristian Lauvik Gjelstad fekk ein 17. plass. Jacob Alveberg har slitt med kneet den siste veka, men deltok i fredagens renn. Han kom på ein 27. plass. 

Sivert Hole, Henrik Bryn og John-Steinar Solstad Alme var nedpå alle tre og måtte bryte rennet. 

Resultatlistene for herrer finn du her

Gøril beste norske kvinne 

I klassen for kvinner blei det 6.-plass til Gøril Strøm Eriksen. Gullet gjekk til sveitsiske Amelie Wenger-Reymond. Franske Argeline Tan Bouquet tok sølvet, medan tyske Johanna Holzmann sikra seg bronsen.

Guro Helde Kjølseth følgde på plassen bak Eriksen på 7. plass. 

- Eg hadde ein trøblete førsteomgang med fem tillegg i og etter hoppet, men i andreomgang føltes det bra og eg hadde faktisk andre beste køyretid, seier Guro. 

Eirin Fiskaa Haugen blei tredje beste norske kvinne som nummer ni. Ella Strøm Eriksen og Mille Marie Gunnerød kom inn til ein 11.plass og ein 12. plass. Andrea Fiskaa Haugen vart nummer 16, medan Sara Felde Liljedal enda på ein 20. plass. Oda Helene Buck Bryn braut rennet. 

Resultatlistene for kvinner finner du her

I morgon avsluttast VM med parallell, som blir direktesendt på NRK2 og NRK1 frå kl. 13.00. Prologen starter kl. 10, medan duellane er i gong kl. 12.30. 

Artikkel: Gunnhild Sofie Vangsnes

Foto: Morten V. Eriksen/Gunnhild Sofie Vangsnes

NIF-EPI03, 03