Hopp til innhold

Guro Helde Kjølseth blei feira på beste måte då ho avslutta karrieren laurdag (Foto: Gunnhild Sofie Vangsnes)

Guro avslutta karrieren på VM i Rjukan

Guro Helde Kjølseth køyrte inn til fjerdeplass då VM avslutta med parallell laurdag.

– Trass i at det enda med den «sure» fjerdeplassen kan eg ikkje vere anna enn nøgd. Eg hadde ein dårleg prolog og kvalifiserte meg som nummer 12. Det gjorde at eg møtte mange tøffe motstandarar frå første duell, seier Guro.

Knakk staven

I semifinalen møtte ho laurdagens sølvvinnar, Amelie Reymond frå Sveits. Ho låg likt med Reymond fram til skøytedelen. Der knakk ho staven.

– Det er aldri gøy å knekke ein stav, særleg ikkje når ein ligg så tett med motstanderen, seier Guro. 

I bronsefinalen møtte ho den franske favoritten Argeline Tan Bouquet. Guro låg framføre Argeline ut av reipelykkja, men blei henta inn i skøytedelen. Då den franske jenta hadde dratt med seg eit tillegg på hopp kom dei heilt likt inn i oppløpet. Det var så jamt at det blei naudsynt med fotofinish. Diverre gjekk bronsemedaljen til Frankrike. 

Blomster og feiring

I målområdet venta VM-laget og skipresidenten, Erik Røste, med blomster. 

– Eg blei ganske rørt. Dette var mitt siste internasjonale renn og eg kunne ikkje blitt tatt betre i mot ved mål. Eg kjem til å sakne alle og sporten, seier Guro, som til hausten skal flytte til Sogndal for å studere. 

– No gjenstår NM i fjelltelemark den 6. april. Etter det er eg heilt ferdig, seier Guro. 

Resultatlistene for kvinner finner du her.

Sivert beste norske herre

Alle dei norske herrene hamna blant topp 32 i prologen og kvalifiserte seg til parallellen laurdag. Sivert Hole gjorde det best blant dei norske, og kom seg til kvartfinalen. Her blei han slått ut av tyske Benedict Holzmann. 

– Det var surt å ryke ut allereie i kvartfinalen, men Benedict køyrte godt. Eg har også ein skulder som ikkje er heilt god og som eg kjenner treng ein pause dei kommande vekene, seier Sivert. 

Resultatlistene for herrer finner du her

Foto: Gunnhild Sofie Vangsnes / Morten V. Eriksen

Artikkel: Gunnhild Sofie Vangsnes

NIF-EPI01, 01