Hopp til innhold

Trenar 2 Langrenn

Trenar 2 Langrenn Sognefjellet/Skjolden 2021.

Kursgjennomføring i 2021:
Grunna covid-19 vert kurset i 2021 gjennomført i 3 deler; oppmøte, webinar og eigenstudie/e-læring. 

  • Del 1: Oppmøtedel Sognefjellet/Skjolden 24.-26. juni 2021
  • Del 2: Webinar Teams: tysdag 29.06.21 kl. 20-22, onsdag 30.06.21 kl. 18-21, torsdag 01.07.21 kl. 20-22.
  • Del 3: E-læring (kan gjennomførast før, under eller etter oppmøtedel, dette bestemmer den enkelte sjølv) 

Trenar 2 Langrenn tek sikte på å auke kompetansen innanfor trening av unge langrennsløparar opp til 16 år. Målgruppa for kurset er trenarar som har ansvar for ungdom 13 år - 16 år.

DEL 1: Oppmøtedel Sognefjellet/Skjolden 24.-26. juni 2021

Frammøte

Sognefjellet Sommerskisenter, 24. juni 2021, kl. 15.00

Kursstadar

Skjolden og Sognefjellet Sommerskisenter

Tid

24.-26. juni 2021

Timetal

75 timar for heile kurset (del 1 praksis, del 2 teori og del 3 e-læring)

Kurslærar

Marthe Strøm Solli

Innkvartering/ måltider

Innkvartering v/ Vassbakken Kro & Camping 

Enkeltrom til kr. 1200,- pr. pers. pr. døgn
Dobbeltrom til kr. 900,- pr. pers. pr. døgn (dersom same kohort)
3-sengsrom til kr. 700,- pr. pers. pr. døgn (dersom same kohort)

Prisen inkluderar;
- ferdig oppreidde senger
- frukost v/ Vassbakken Kro & Camping
- lunsj v/ Sognefjellshytta
- middag v/ Fjordstova i Skjolden
- kveldsmat v/ Fjordstova i Skjolden

Måltid vert gjennomført på ein smittevernvenleg måte iht. gjeldande smittevernreglar.

Kursavgift

Ca. kr. 3 500,-

Kursavgifta vert fakturert før kursstart.

Kursavgifta vert refundert dersom ein av smittvernomsyn må avlyse.

Rammeplan

Rammeprogram Trener 2 Sognefjellet 2021 (pr. 24.06.2021)

Påmelding

Påmelding til: marthe.solli@gmail.com

Frist for påmelding: 4. juni 2021

Kursinformasjon

Kurset vil i si heilheit haldast utandørs av omsyn til covid-19 og gjennomførast iht. gjeldande retningslinjer for smittevern.

  • Kursdeltakar må sjølv ta med munnbind til bruk ved mindre opphald på Fjordstova og Sognefjellshytta.
  • Smøring av ski må ein rekne med gjere utandørs.
  • Transport mellom Skjolden og Sognefjellet må skje ved bruk av eigen bil.
  • Dersom nokon som melder seg på er i same kohort og køyrer til kurset saman, ynskjer vi at de opplyser om dette ved påmelding.
  • Den sportslege aktiviteten vil bli organisert med avstand og vil følgje gjeldande smittevernreglar. Dette betyr at ein ikkje vil kunne gjennomføre kontaktøvingar eller sitte saman i tradisjonelle forelesningsøkter. Teorien dekkast gjennom at den integrerast i praksis, og settast opp som eigne webinar.

Meir informasjon om Norges Skiforbund sine trenarkurs i langrenn

Kontaktinformasjon
Sogn og Fjordane Skikrins v/kurslærar Marthe Strøm Solli
E-post: marthe.solli@gmail.com

nif-epi04, 04
NTB