Hopp til innhold

Sogndal Skisenter - Hodlekve.

SSF Cup Hodlekve

Søndag 7. mars inviterer Sogndal IL til SSF Cup i langrenn i Sogndal Skisenter - Hodlekve. Informasjon er oppdatert 06.03.2021.

Hyesprinten 6. mars er avlyst grunna rådande forhold ved skianlegget på Høgdene.

SSF Cup i Sogndal Skisenter - Hodlekve 7. mars vert avvikla i klassisk teknikk og inngår i SSF Cup for rekrutt (11-16 år).

Status pr. 05.03.2021:
Arrangør har gjort nødvending arbeid i løypene i dag for å sikre rennforhold til trass for lite snø. Merk nokre endringar i løypekartet og ta helst ein testrunde i løypa før start. 
Det kan vere nokre område med skitten snø, men det skal ikkje vere anna enn myrvatn, lyng og evt. jord i snøen (stein og grus har ein lite av i traseen). Store delar av traseen er fin. Er ein usikker så kan ein spare "godparet" til ein annen gong.

Innbyding

løypekart

Merk endring i løypene grunna snøforholda:

  • Ny trasé for 2 km
  • Ei mindre endring i 3/5/9 km

PÅMELDING - INFO. Påmeldingsfristen er forlenga til laurdag 6. mars kl. 15.00.

  • Merk at rennet kun er ope for deltaking for utøvarar i juniorklassane og yngre årsklassar. Jf. gjeldande smitteverntiltak for idretten og skiidretten - sjå Norges Skiforbund sin koronarettleiar.
  • Støtteapparat og føresette må også melde seg på rennet på førehand gjennom rennpåmelding i Min idrett. Meld på i klasse «Støtteapparat og føresette".

Smittevern:
Arrangør vil gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg. Føresetnaden for at ein kan arrangere rennet er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.

  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon og covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet.
  • Ein oppmodar om at alle praktiserar god handhygiene.
  • Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
  • Det er ikkje høve til å opphalde seg inne i skihytta eller arenabygget.
  • Alle (funksjonærar, deltakarar og føresette) må registrere seg med bruk av NIF sin qrona-app (https://qrona.nif.no/login-or-checkin) på brua ved ankomst langrennsstadion. 
NIF-EPI03, 03