Hopp til innhold

(Erlend Slokvik på Idrettens Møteplass 2021)

Haustmøte 2021

Laurdag 30. oktober gjekk Idrettens Møteplass 2021 av stabelen i Sogndal med Haustmøtet til skikrinsen og treningssamling på tvers av idrettar.

Dagen vart innleia med to foredrag. Heidi Holmlund opna dagen med foredraget "Mat, kropp og vekt i idretten: Korleis sikrar vi helse framfor prestasjon?". Heidi deltok digitalt, men poengterte godt betydninga av å vektlegge meistring og miljø framfor resultatjag. Etterfulgt av sportssjef i friidrettsforbundet Erlend Slokvik, som holdt foredraget "Toppidrett og talentutvikling - korleis få fram neste generasjon idrettsutøvarar". 

Etter lunsj vart Haustmøtet til skikrinsen gjennomført med fellesdel og greinvise fagmøte:

Under fellesdelen vart det delt ut fleire gjeve utmerkingar (desse skulle blitt delt ut på krinstinget, men sida krinstinget vart avhold digitalt blei utmerkingane utsatt til haustmøte): 

Heidersstatuetten vart delt ut til to personar som har gjort ein særskilt stor innsats for skikrinsen gjennom veldig mange år, og vart vel fortjent delt ut til: Hallvard Nygård (Førde IL) og Lilly Schøyen (Sogndal IL)

Norges Skiforbund sin Jubileumspokal vart delt ut til tre utøvarar som har vert til inspirasjon for andre, og vist haldningsskapande engasjement i ski miljøa: Julia Hagen Tovrund (Førde IL)Stina Hillestad (Hafslo IL) og Johannes Årdal (Jølster IL)

Magnorpokal (NSF sin pokal til aldersgruppa 12-16 år) vart delt ut til: Torje Seljeset (Hornindal IL), Oskar Ellingsund (Jølster IL), Rebekka Otternes Lundekvam (Førde IL), Niklas Bosdal Thorsen (Førde IL)

Talentpokal vart delt ut til tre utøvarar som har utmerka seg ved spesiell talentfull innsats: Johannes Årdal (Jølster IL), Ane Malene Myklebust (Sogndal IL) og Julia Felde (Haugen IL)

Bragdpokal vart delt ut til skiidrettsutøvarar som har vist særlig gode prestasjonar: 

  • Andrine Målrstøl, Haugen IL (alpint)
    • Debut i verdscupen 2019/2020 
    • Topp 5-10 plassering i europacup 2019/2020 og 2020/2021
  • Andreas Strand, Jølster IL (alpint) 
    • Bronse NM slalån 2020/2021
    • 23. plass europacup 2020/2021
  • Sindre Myklebust, Sogndal IL (alpint) 
    • 6. plass i Ungdoms-OL 2020
    • 2. plass FIS-renn Voss 2020/2021
    • 5. plass NM Storslalåm 2021 
  • Jon Rolf Skamo Hope, Hyen IL (langrenn) 
    • Gull U23-VM 2021
    • 12. plass i WC 2020/2021
  • Gjøran Tefre, Førde IL (langrenn) 
    • 1. plass samanlagt Skandinavisk Cup 2019/2020
    • 8. og 9. plass i WC, 2. plass teamsprint WC 2019/2020 
  • Trym Dalset Lødøen, Haugen IL (randonee) 
    • 6. plass Ungdoms-OL 2020
    • 12. og 13. plass i U20-VM 2021 


Hallvard Nygård (t.v.) fekk utdelt Heidersstatuetten frå styreleiar Finn Årdal (t.h.)  

Du kan lese meir om Idrettens Møteplass på sidene til Vestland Idrettskrets;
 https://www.idrettsforbundet.no/idrettskrets/vestland/nyheter/2021/vellukka-idrettens-moteplass-i-sogndal/

nif-epi04, 04